Aderet i Israel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aderet i Israel
Remove ads

Aderet (hebraisk אַדֶּרֶת) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg ved foten av Judeafjellet i Adullam-området, sør for Beit Shemesh, vest for Gush Etzion og oppom Elahdalen i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 797.[1]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Moshaven vart grunnlagd tidleg på 1960-åra av emigrantar frå Atlasfjella i Marokko. Namnet var teken frå Esekiel 17:8,[2] som tyder «framifrå» i uttrykket «framifrå vinstokk», eit symbol på det gjenfødde Israel. Namnet syner til vindyrkinga i området.

Grunnleggjarane dreiv med fjørfedrift og anna jordbruk fram til seint på 1980-talet, då landsbyen vart ein pendlarby for Jerusalem (40 km) og Tel Aviv (65 km). I 1997 vart det bygd eit nytt nabolag og folkesetnaden steig til over 110 familiar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads