Adieu False Heart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Adieu False Heart er det 25. studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, spelt inn i lag med cajunsongaren Ann Savoy og gjeve ut i juli 2006. Det nådde 146. plassen på Billboard-lista.

Meir informasjon Linda Ronstadt-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dette var det siste studioalbumet Ronstadt gav ut før ho pensjonerte seg i 2011 og avslørte at ho hadde fått Parkinsons sjukdom og ikkje lenger kunne syngje. Seinare vart diagnosen hennar endra.

Ronstadt og Savoy hadde tidlegare sunge i lag på Savoy-albumet Evangeline Made: A Tribute to Cajun Music, der dei song i lag som The Zozo Sisters. Dette albumet er ei blanding av cajunmusikk og folkrock. Albumet inneheld ei tolking av The Left Banke-hitten «Walk Away Renée» frå 1966, Harry Belafonte-songen av John Jacob Niles frå 1950-åra, «Go Away From My Window», og den franske songen «Parlez-moi d'amour». Ronstadt syng solo på Julie Miller sin «I Can't Get Over You» med ektemannen til Miller, Buddy Miller på gita, medan Savoy syng solo på Richard Thompson-songen «Burns' Supper».

Ronstadt sa om samarbeidet med Savoy: «Me kunne ha sydd eit sengeteppe, men me er musikarar, så me laga ei plate i lag i staden. Ho syng på fransk - eg snakkar ikkje fransk - men det tradisjonell kjærleik i dette bandet.»[4]

Albumet vart spelt inn i Dirk Powell sitt Cypress House Studio i Louisiana med lokale musikarar, mellom anna frå Red Stick Ramblers og The Mamou Playboys, og Dirk Powell og Joel Savoy,.

Albumet fekk blanda kritikk. Det vart nominert til to Grammyprisar for beste tradisjonelle folkealbum og beste lydteknikar.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Linda Ronstadt – solovokal på 3, 5, 7, 11, 13 (3. vers), 15; harmonivokal på 2, 4, 5, 6, 8, 10, 12, 13
  • Ann Savoy – solovokal på 2, 4, 6, 8, 9, 12, 13, 15 (på refreng og 3. vers); harmonivokal på 3, 7, 11; akustisk gitar på 6, 12
  • Dirk Powell – bandlaus banjo på 2, 11, 16; kontrabass på 5; trekkspel på 8, 9
  • Sam Broussard – akustisk gitar på 2, 5, 7, 8, 15
  • Andrea Zonn – resofonisk bratsj på 1, 16; bratsj på 3; fiolin på 5, 7, 12, 15
  • Stuart Duncan – fele på 2, 11, 13
  • David Schnaufer boga dulcimer på 2, 10, 13; dulcimer på 11, 13, 14
  • Bryon House – kontrabass på 2, 3, 7, 8, 11, 13, 15
  • Buddy Miller – akustisk gitar på 3
  • Tim Lauer – trekkspel på 3
  • Kevin Wimmer – fele på 4, 6, 9
  • Joel Savoy – akustisk gitar på 4, 9; sologitar på 6; fele på 9
  • Chas Justus – akustisk gitar på 4, 6, 9, 12
  • Eric Frey – kontrabass på 4, 6, 9, 12
  • Kristin Wilkinson – bratsj og strykearrangement på 5, 7, 8, 15
  • John Catchings – cello på 5, 7, 8, 15
  • Christine Balfa – triangel på 6
  • Sam Bush – mandolin på 7, 8, 11
  • Bryan Sutton - akustisk gitar på 13
  • Gary Paczosa lydteknikar, miksing
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads