Afar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Afar er eit kusjittisk språk som blir snakka i Afar-regionen i Etiopia, i Eritrea og Djibouti. Det er kanskje 1,5 millionar talarar, afarar, men det er berre mellom éin og tre prosent som kan skrive det. Som dei andre austkusjittiske språka har det ordrekkefølgja subjekt–objekt–verb. Det næraste slektspråket til språket er saho.
I Eritrea er afar eitt av ni nasjonalspråk som formelt nyt lik status, sjølv om tigrinja og arabisk har størst utbreiing i offisiell bruk. Det er daglege program på afar i radio og det finst òg ein omsett versjon av den eritreiske grunnlova. Skolegangen får afarane likevel på arabisk, som mange av dei brukar som andrespråk.
I Afar-regionen i Etiopia vert det brukt i nokre få skolar, men amharisk er bruksspråk i regionen.
Remove ads
Grammatikk
Fonologi
Afar har fem vokalar, det klassiske femvokalssystemet, i, e, a, o, u. Vokalane kan vere korte eller lange. Lange vokalar blir skrive med to vokalsymbol.
Remove ads
Referansar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads