Out of Our Heads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Out of Our Heads er det tredje britiske og fjerde amerikanske albumet til The Rolling Stones. Albumet kom ut i 1965, men hadde noko forskjellig innhald i Storbritnnia og USA.
Den amerikanske utgåva kom først ut, i juli 1964, og var ei samling av studioinnspelingar som var gjort over eit halvt år, mellom anna hitsingelen «The Last Time» og den verdsomspennande kjempesuksessen «(I Can’t Get No) Satisfaction». I kjølvatnet av «Satisfaction» vart Out of Our Heads det første Rolling Stones-albumet som gjekk til topps i USA, og selde til slutt til platina. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone den amerikanske utgåva av albumet på 114. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene, og i 2012 på 116. plassen på den same lista.[5]
Den britiske utgåva kom ut i september same året, og med nye studioinnspelingar vart enkelte spor, mellom anna hitsinglane, byta ut. Desse nye songane kom seinare på den amerikanske December’s Children (And Everybody’s), i lag med andre songar som berre hadde vorte gjevne ut i Storbritannia. Out of Our Heads nådde andreplassen i Storbritannia, bak The Beatles sitt Help!. Det var òg det siste britiske albumet som var dominert av andre sine R&B-songar, og etter dette vart Mick Jagger og Keith Richards meir produktive låtskrivarar.
Remove ads
Britisk utgåve
Remove ads
Amerikansk utgåve
Remove ads
Medverkande
- The Rolling Stones
For den amerikanske utgåva
- Mick Jagger – solovokal (alle spor), korvokal (1-3, 5, 7, 12), munnspel (11, 12), tamburin (10)
- Keith Richards – elektrisk gitar (alle utanom 10), korvokal (1-3, 5-7, 12), akustisk gitar (3, 7, 10)
- Brian Jones – elektrisk gitar (1-3, 6, 8, 11, 12), akustisk gitar (5), munnspel (9)
- Bill Wyman – bassgitar (alle utanom 10)
- Charlie Watts – trommer (alle utanom 10)
- Andre medverkande
- Jack Nitzsche – perkusjon (3, 7, 10), piano (7), orgel (8), cembalo (10)
- Phil Spector – nedstemd elektrisk gitar (10)
- Ian Stewart – piano (3, 4, 8, 9, 12), marimba (5)
Salslister
- Album
- Singlar
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads