Agassizhorn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Agassizhorn
Remove ads

Agassizhorn er eit 3 946 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjelltoppen ligg i forlengjinga av nordvestegga frå Finsteraarhorn, som ligg knapt 1500 m unna. Agassizjoch (3749 m) skil dei to toppane. Grensa mellom kantona Bern og Valais går over fjelltoppen.

Kjappe fakta Land, Kanton ...

Ruta til topps går frå Finsteraarhornhütte, og så i vest over Fieschergletscher. Derifrå held ein seg langs austranda av breen til over fjellryggen. Så i nordaustleg retning opp eit brefelt rikt på sprekker til Agassizjoch. Undervegs må ein her halde godt til venstre, grunna faren for isras. Derifrå langs søraustegga til toppen.

Fjellet har fått sitt namn etter breforskaren Louis Agassiz.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads