Fieschergletscher

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fieschergletschermap
Remove ads

Fieschergletscher er ein dalbre på sørsida av Bern-Alpane i kantonen Valais i Sveits. Isbreen er 16 km lang, den nest lengste breen i Alpane. Han dekker ei flatevidd på 33 km².

Kjappe fakta Område, Type ...

Fieschergletscher oppstår på kring 4 000 meter over havet, på austskråningane av Fiescherhorn. Vest for breen reiser Grünhorn og Gross Wannenhorn seg, i aust Finsteraarhorn.

Dei nedre delane av Fieschergletscher flyt sørover gjennom ein djup dal mellom Gross Wannenhorn og Wasenhorn. Om sommaren, når snølaget smeltar vekk, har breen ein gråleg farge ettersom han vert dekt av stein som kjem frå dei bratte fjellskråningane ovan om. Bretunga ligg for tida kring 1 700 meter over havet.

Thumb
Kartet viser Fieschergletscher nede til høgre med Finsteraarhornhütte rett ovanom, med Grindelwald-Fieschergletscher i midten

På sørvestskråninga av Finsteraarhorn, om lag 100 m ovan om Fieschergletscher, ligg Finsteraarhornhütte (3 048 moh). Denne vert ofte nytta som mellomstasjon på turar frå Lötschental eller Jungfraujoch til Grimselpasset.

Denne isbreen er ein annan den samnemnde Grindelwald-Fieschergletscher, som ligg nord for Fiescherhörner og nær Grindelwald.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads