Duane Eddy

amerikansk gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia

Duane Eddy
Remove ads

Duane Eddy (26. april 193830. april 2024)[2] var ein USA-amerikansk gitarist. Seint i 1950- og tidleg i 1960-åra hadde han ei rekkje hittar produserte av Lee Hazlewood. Desse songane hadde ein karakteristisk «twangy» stil, inkludert «Rebel Rouser», «Peter Gunn», og «Because They're Young».[3] Han hadde seld 12 millionar plater innan 1963.[2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1994,[4] og Musicians Hall of Fame and Museum i 2008.[5]

Remove ads

Tidleg liv og karriere

Eddy var fødd i Corning i New York og spelte gitar frå han var fem år gammal. I 1951 flytta familien hans til Tucson, og så til Coolidge i Arizona.[2] Då han var 16 år gammal fekk han tak i ein Chet Atkins-modell Gretsch-gitar og danna ein duo, Jimmy and Duane, med venen Jimmy Delbridge (som seinare tok artistnamnet Jimmy Dell).[6] Dei spelte på ein lokal radiostasjon, KCKY, då dei møtte DJ-en Lee Hazlewood. Han produserte ein singel for duoen, «Soda Fountain Girl», som vart spelt inn og gjeven ut i 1955 i Phoenix. Hazlewood produserte så Sanford Clark-hitten «The Fool» i 1956 med gitaristen Al Casey, medan Eddy og Delbridge spelte på radiostasjonar i Phoeni. Dei vart så med Buddy Long sitt band Western Melody Boys og spelte country i og kring byen.[7][8][9]

Eddy brukte ein teknikk der han spelte solo på dei djupe strengane på gitaren, noko som skapte ein låg, rungande «twangy» lyd. I november 1957 spelte Eddy inn ein instrumental, «Movin' n' Groovin'», skriven av Eddy og Hazlewood. Sidan studioet i Phoenix ikkje hadde eit ekkokammer, kjøpte Hazlewood ein 10 000 liter stor vasstank som han brukte som ekkokammer for å framheve den «twangy» gitarlyden.[10] I 1958 signerte Eddy ein platekontrakt med Lester Sill og Lee Hazlewood for å spele inn musikk i Phoenix i studioet Audio Recorders. Sill og Hazlewood leigde ut alle singlane og albuma til det Philadelphia-baserte Jamie Records.

«Movin' n' Groovin'» nådde 72. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1958. Opningsriffet var lånt frå Chuck Berry-songen «Brown Eyed Handsome Man» og vart igjen kopiert eit par år seinare av The Beach Boys på «Surfin' U.S.A.».[3] Oppfølgjaren, «Rebel 'Rouser», inneheld saksofon av studiomusikaren Gil Bernal frå Los Angeles, og rop og klapping frå doo-wop-gruppa The Rivingtons.[7][11] Melodien vart gjennombrotet til Eddy og nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100. Han selde over ein million eksemplar og gav Edy den første gullplata hans.[2]

Eddy hadde ei rekkje hittar dei neste åra, og bandmedlemmane hans, inkludert Steve Douglas, saksofonisten Jim Horn og klaverspelaren Larry Knechtel, vart sidan ein del av Phil Spector sitt The Wrecking Crew.[12] I følgje skribenten Richie Unterberger var «Singlane – 'Peter Gunn', 'Cannonball', 'Shazam' og 'Forty Miles of Bad Road' [...] truleg dei beste - og gjorde sin del i å halde kåtskapen i rock and roll i live, i ei tid då han var i ferd med å bli utvatna.»[3] Den 9. januar 1959 kom debutalbumet til Eddy, Have 'Twangy' Guitar Will Travel, ut og nådde femteplassen, og låg på den amerikanske albumlista i 82 veker. På det fjerde albumet hans, Songs of Our Heritage (1960), spelte han akustisk gitar eller banjo.[13] Den største hitten til Eddy kom med kjenningsmelodien til filmen Because They're Young i 1960,[2] med strykararrangement. Denne songen nådde fjerdeplassen på den amerikanske hitlista og andreplassen i Storbritannia i september 1960.[3][14] Han vart den andre singelen hans som selde ein million.[2] Platene til Eddy var like suksessrike i Storbritannia og i 1960 kåra britiske NME han til World's Number One Musical Personality, føre Elvis Presley.

I 1960 signerte Eddy platekontrakt direkte med Jamie Records, og gjekk utanom Sill og Hazlewood. Dette førte til at Eddy og Hazlewood ein periode unngjekk kvarandre. Resultatet var at Eddy produserte sine eigne singlar og album for Jamie.

Duane Eddy and the Rebels spelte ofte på The Dick Clark Show.

Remove ads

Seinare karriere

I 1960-åra starta Eddy ein skodespelarkarriere og deltok i filmar som A Thunder of Drums, The Wild Westerners, Kona Coast, The Savage Seven, og var med to gonger i fjernsynsserien Have Gun–Will Travel.[2] Han gifta seg med songaren Jessi Colter i 1961. Same året skreiv han ein treårskontrakt med produksjonsselskapet til Paul Anka, Camy, der innspelingane vart gjevne ut på RCA Victor.[3] Det var under dei første dagane for RCA Victor at han igjen tok kontakt med Lee Hazlewood, som vart involvert i ei rekkje av singlane og albuma hans for RCA Victor. I 1962 gav Eddy ut «(Dance with The) Guitar Man», som var skriven i lag med Hazlewood, og dette vart den tredje gullplata hans med ein million selde eksemplar.[2]

I 1970-åra produserte han album for Phil Everly og Waylon Jennings. I 1972 arbeidde han med Al Gorgoni, rytmegitar, på BJ Thomas sin «Rock and Roll Lullaby». I 1975 samarbeidde han med låtskrivaren Tony Macaulay og det tidlegare medlemmet i The Seekers, Keith Potger, og fekk ein ny singel på den britiske topp 10-plata, «Play Me Like You Play Your Guitar».[15] Singelen «You Are My Sunshine», med Willie Nelson og Waylon Jennings, nådde countrylista i 1977.

I 1986 spelte Eddy med Art of Noise og laga ein ny versjon av Henry Mancini sin «Peter Gunn».[3] Songen vart ein hit verda over og nådde toppen av danselista til Rolling Stone i seks veker den sommaren. «Peter Gunn» vann Grammyprisen for beste rockeinstrumental i 1986. dermed vart Eddy den einaste instrumentalartisten som har hatt ein Topp 10-hit i Storbritannia i fire forskjellige tiår.

Året etter vart Duane Eddy gjeve ut på Capitol. Fleire av songane vart produserte av Paul McCartney, Jeff Lynne, Ry Cooder og Art of Noise.[3] Gjesteartistar og musikarar var mellom andre John Fogerty, George Harrison, Paul McCartney, Ry Cooder, James Burton, David Lindley, Phil Pickett, Steve Cropper, originale Rebels, Larry Knechtel og Jim Horn. Albumet inneheld ein versjon av Paul McCartney-instrumentalen «Rockestra Theme» i 1979. I 1992 spelte Eddy inn ein duett med Hank Marvin på Marvin-albumet Into the Light, med ein versjon av The Chantays sin «Pipeline».

Våren 1994 vart Eddy innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Eddy sin «Rebel Rouser» var same året med i filmen Forrest Gump. Oliver Stone sin Natural Born Killers brukte «The Trembler», ein song skriven av Eddy og Ravi Shankar. I 1994 slo Eddy seg òg saman med Carl Perkins og The Mavericks for «Matchbox» på album Red Hot + Country til støtte for AIDS, produsert av Red Hot Organization. Eddy var sologitarist på Foreigner-hitten «Until the End of Time» i 1995, som nådde topp 10 på Billboard Adult Contemporary-lista. I 1996 spelte Eddy gitar på Hans Zimmer sin filmmusikk til Broken Arrow.[16]

Thumb
Duane Eddy opptrer i 2018.

5. april 2000 fekk Eddy tittelen «Titan of Twang» av borgarmeisteren i Nashville i Tennessee.

I 2004 fekk Eddy «Legend Award» (Legendeprisen) av Guitar Player Magazine. Eddy var den andre som mottok prisen etter Les Paul. Andre som sidan har fått prisen er George Harrison,[3] Dave Davies, Hank Marvin,[3] The Ventures,[17] John Entwistle,[17] Bruce Springsteen, Adrian Belew, Bill Nelson, Mark Knopfler og Ben Vaughn.[18]

I oktober 2010 drog Eddy attende til Storbritannia og spelte for eit utseld Royal Festival Hall i London. Denne suksessen førte til eit nytt album for Mad Monkey/EMI, som var produsert av Richard Hawley i Sheffield i England.[19] Albumet Road Trip kom ut 20. juni 2011. Mojo plasserte albumet på 37. plassen over dei 50 beste albuma i 2011.[20] Eddy spelte på Glastonbury Festival den 26. juni 2011.[19]

Eddy døydde av kreft 30. april 2024, 86 år gammal.[21]

Remove ads

Signaturgitarar

Favorittgitaren til Eddy var ein Chet Atkins Gretsch 6120.[22]

Eddy var den første rock and roll-gitaristen som fekk ein signaturmodell-gitar. I 1961 introduserte Guild Guitars Duane Eddy Models DE-400 og luksusutgåva DE-500. Ei avgrensa utgåve av DE-500-modellen var ei kort stund på marknaden i 1983 for å markere 25-årsjubileet til Eddy i plateindustrien. I 1997 byrja Gretsch Guitars å produserte sin Duane Eddy Signature Model, Gretsch 6120-DE. I 2004 introduserte Gibson Custom Art and Historic Division den nye Duane Eddy Signature Gibson-gitaren. Ein ny Gretsch G6120DE Duane Eddy Signature-modell kom ut våren 2011.

Prisar

  • Number One World Musical Personality i NME (Storbritannia 1960)
  • Grammy-vinnar – Best Rock Instrumental – «Peter Gunn» (1986)
  • Grammy-nominasjon – Best Country Instrumental – (albumet Doc Watson) (1992)
  • Rock and Roll Hall of Fame (1994)
  • Rockwalk (1997)
  • «Chetty»-prisen til Chet Atkins (2000)
  • Guitar Player Magazine Legend Award (2004)
  • Musicians Hall of Fame (2008)
  • Mojo Icon Award (Storbritannia 2010)
Remove ads

Diskografi

Singlar

Meir informasjon År, Titlar Begge sider frå same album utanom der anna er nemnt ...

Album

Meir informasjon År, Tittel ...

[3]

Remove ads

Filmar

  • Because They're Young (1960)
  • A Thunder of Drums (1961)
  • The Wild Westerners (1962)
  • The Savage Seven (1968)
  • Kona Coast (1968)[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads