Aleksandr Popov
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aleksandr Vladimirovitsj Popov (fødd 22. februar 1965) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Tobolsk som konkurrerte for Sovjetunionen og Kviterussland. Mellom 1987 og 1997 vann han fire VM-gull i lagøvinga og ein olympisk gullmedalje i stafett, samt fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar i stafett i ulike VM og OL-arrangement. Individuelt fekk han med seg ein sølvmedalje frå 20 km i VM 1991. Sidan 1999 har han vore hovudtrenar for det kviterussiske skiskyttarlandslaget.
Remove ads
Aktiv
Popov gjekk i åra 1987-92 på fem av dei seks siste stafettlaga som Sovjetunionen stilte med i den årlege verdsmeisterskapen i skyting, eller i dei olympiske leikane. Desse meisterskapane gav han ein olympisk meisterskapstittel i 1988, og fire ulike VM-sølv. I dei individuelle tevlingane i dei same meisterskapane lukkast han lite, fyrst under verdsmeisterskapen 1991 blanda han seg inn i medaljekamp. På 20-kilometeren i Lahti fekk han VM-sølv, fem sekund føre Eirik Kvalfoss på bronseplass og eit lite halvminutt bak Mark Kirchner som representerte Tyskland.
Frå 1992 og fram til 1998 gjekk Popov inn til ei rad fjerdeplassar i OL og VM-samanheng, både i individuelle øvingar, men særleg i stafettar. Likevel fekk han med seg eit OL-sølv i stafett 1992 og to bronsemedaljar i same; 1995 og 1996.
I 1989, hans beste sesong i verdscupen i skiskyting, vart Popov nummer to samanlagt etter Eirik Kvalfoss. Også i 1987 og 1992 var han høgt plassert i totalen i verdscup-turneringa.
Frå og med 1993-sesongen tevla han for Kviterussland.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
- VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Sølvmedalje i stafett og nr 12 på 20 km
- Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedalje i stafett og nr 12 på 20 km
- VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Sølvmedalje i stafett og nr 8 på 10 km
- VM i skiskyting 1991 i Lahti: Sølvmedalje både på 20 km og i stafett
- Vinter-OL 1992 i Albertville: Nr 4 på 20 km og sølvmedalje i stafett
- VM i skiskyting 1993 i Borovets: Nr 14 på 20 km og nr 4 i stafett
- Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Nr 4 på 20 km og nr 4 i stafett
- VM i skiskyting 1995 i Antholz: Nr 6 på 10 km og bronsemedalje i stafett
- VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding: Nr 7 på 20 km og bronsemedalje i stafett
- VM i skiskyting 1997 i Osrblie: Nr 4 i stafett og nr 18 på 10 km
- Vinter-OL 1998 i Nagano: Nr 4 i stafett
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
- «Aliaksandr Papou» (på engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads