Alex Schwazer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alex Schwazer (fødd 26. desember 1984) er ein italiensk friidrettsutøvar frå Sterzing i Bolazano-provinsen som i 2008 vart olympisk meister og i 2010 europameister i 50 km kappgang. Han er i perioden 2016-24 utestengd frå å delta i idrett, grunna i bruk av dopingmidlar.

Remove ads
Aktiv
Schwazer tok bronsemedaljen i 50 km kappgang under verdsmeisterskapen 2005 med tida 3.41.54. To år etter kopierte han prestasjonenn då han vart tredjemann på same distansen ved VM i Osaka på sluttida 3.44.38, tidlegare i same meisterskapen enda han på niandeplassen på 20-kilometeren.
Under dei olympiske sommarleikane 2008 i Beijing tok Schwazer gullmedaljen på 50 km, over to minuttar framom Jared Tallent frå Australia. To år etter tok Schwazer ein ny gullmedalje, då på 20 km ved europameisterskapen i Barcelona. Denne medaljen fekk han etter at vinnaren i tevlinga, Stanislav Jemeljanov frå Russland, i 2014 fekk annullert sin prestasjon i Barcelona.
Doping
Dagen før 50 km fann stad under Sommar-OL 2012 vart Schwazer stoppa av dopingkontrollen. Funn i ein tidlegare dopingtest viste spor etter det forbodne stoffet erythropoetin, og vart utestengd 3 år og 6 månader. I mai 2016 gjekk Schwazer til topps på 50 km under verdspokal-tevlinga, men atter vart han felt i dopingkontroll av ei eldre prøve, ei frå januar 2016. Denne gongen vart han dømd til åtte års utestenging, til 7. juli 2024.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 2005 i Helsinki: Bronsemedalje på 50 km – 3.41.54
- VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje på 50 km – 3.44.38. Nr 10 på 20 km - 1.24.39
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje på 50 km – 3.37.09, framom Jared Tallent (3.39.27)
- EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje på 20 km – 1.20.38, framom João Vieira (1.20.49)
- VM 2011 i Daegu: Nr 7 på 20 km – 1.21.50
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Alex Schwazer» frå Wikipedia på tysk, den 6. august 2018.
- «Alex Schwazer» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads