Jared Tallent

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jared Tallent
Remove ads

Jared Tallent (fødd 17. oktober 1984) er ein australsk friidrettsutøvar frå Ballarat som i 2012 vart olympisk meister i 50 kilometer kappgang. Tida 2008-16 vann han elles to OL-sølv, to VM-sølv, ein OL-bronse og ein VM-bronse, alle unnateke ei på 50 km, OL-bronsen frå 2008 kom på 20 km.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Tallent kneip bronsemedaljen på 20 km under olympiske leikane 2008 i Beijing, eit stykke bak gullvinnar Valerij Bortsjin frå Russland og meksikanaren Jefferson Pérez. Ei veke seinare deltok Tallent på 50 km der han med tida 3.39.27 tok sølvmedaljen, vel to minuttar bakom Alex Schwazer frå Italia. Tre år etter tok Tallent ein ny sølvmedalje på 50 km, i Friidretts-VM 2011 kom han i mål eit lite minutt bakom Denis Nizjegorodov frå Russland. Også under Sommar-OL 2012 i London kom Tallent i mål som andremann, men då vinnaren Sergej Kirdjapkin sin prestasjon vart annullert i 2015, rykte Tallent opp til gullplassen.

Ved VM 2013 vann Tallent bronsemedaljen på 50 km, medan han ved VM 2015 stega inn til sølv på same distansen. Også under dei sommarleikane 2016 i Rio de Janeiro tok Tallent sølvmedaljen på 50 km, om i 2015 var det ungararen Matej Tóth som vart hans overmann.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads