Alice av Tom Waits

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Alice er eit musikkalbum av Tom Waits frå 2002. Albumet inneheld dei fleste songane som vart skriven for musikalen Alice, basert på Alice i Eventyrland av Lewis Carroll. Teaterstykket vart regissert av Robert Wilson, som Waits hadde tidlegare hadde jobba med på The Black Rider, og først spelt ved Thalia Theatre i Hamburg i 1992. Musikalen har sidan vorte gjort på forskjellige teater rundt om i verda.

Meir informasjon Tom Waits-kronologi ...

Albumet vart gjeve ut same dag som eit anna Waits-album, Blood Money, som inneheldt songar frå ein annan musikal med Robert Wilson basert på Woyzeck av Georg Büchner. Alice er langt rolegare enn Blood Money og er meir balladeprega, men òg her finn ein marerittaktige tekstar og mørke sirkus-liknande melodiar. Albumet inneheld ikkje gitarar i det heile tatt og dei fleste songane er spelt inn med eit lite kammerorkester.

Songane vart uoffsielt gjeve ut på ein bootleg kalla The Alice Demos mange år før den offisielle utgåva. Kjelda for denne utgjevinga var ei studioinnspeling Waits hadde laga for skodespelarane i stykket og som vart stolen frå bilen hans seint i 1992.[1].

Albumet ligg på andreplass på lista til Metacritic over dei 30 beste albuma i 2002, som vil sei at albumet var eit av dei mest kritikarroste albuma det året.[2].

Songen «Poor Edward» handlar om Edward Mordrake.

Remove ads

Innhald

Alle songar er skriven av Tom Waits og Kathleen Brennan, kona til Tom Waits.

  1. «Alice» – 4:28
  2. «Everything You Can Think» – 3:10
  3. «Flower's Grave» – 3:28
  4. «No One Knows I'm Gone» – 1:42
  5. «Kommienezuspadt» – 3:10
  6. «Poor Edward» – 3:42
  7. «Table Top Joe» – 4:14
  8. «Lost in the Harbour» – 3:45
  9. «We're All Mad Here» – 2:31
  10. «Watch Her Disappear» – 2:33
  11. «Reeperbahn» – 4:02
  12. «I'm Still Here» – 1:49
  13. «Fish & Bird» – 3:59
  14. «Barcarolle» – 3:59
  15. «Fawn» – 1:43 (Instrumental)
Remove ads

Musikarar

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads