All I Have To Do Is Dream

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«All I Have to Do Is Dream» er ein popsong gjort populær av the Everly Brothers, og skriven av ekteparet Felice og Boudleaux Bryant,[1] som publiserte songen i 1958. Songen er rangert på 142. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen har strukturen AABA.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

The Everly Brothers-versjonen

Den klårt mest kjende versjonen av songen er spelt inn av The Everly Brothers[1] og gjeven ut som singel i april 1958. Han vart spelt inn på berre to forsøk den 6. mars 1958 med Chet Atkins på gitar. Det var den einaste singelen som låg på toppen av alle singellistene til Billboard samstundes, den 2. juni 1958. Han nådde først toppen av «Most played by Jockeys»-lista og «Top 100» den 19. mai 1958, og vart liggande der i høvesvis fem og tre veker. Songen enda opp på andreplass for heile året 1958. «All I Have to Do Is Dream» nådde toppen av R&B-lista[3] og vart den tredje Everly Brothers-singelen som toppa country-lista.[4] The Everly Brothers gjekk ei kort stund inn att på Hot 100 i 1961 med songen. Han gjekk inn på UK Singles Chart den 23. mai 1958, og nådde toppen av denne lista 11. juli, og vart liggande der i seks veker. Han låg i alt 21. veker.[5]

Songen er med på fleire lister over beste songar og lister, som Q si liste over dei 1001 beste songane gjennom tidene frå 2003, og han er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll. I 2004 fekk songen Grammy Hall of Fame Award.

B-sida, «Claudette», vart den første store songen til Roy Orbison som låtskrivar, kalla opp etter kona hans.[6] Som følgje av dette enda han kontrakten sin med Sun Records og byrja å arbeide for forlaget til Everly, Acuff-Rose Music.

Remove ads

Andre versjonar

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Ein annan hitversjon av songen vart spelt inn av Richard Chamberlain i 1962 på albumet Richard Chamberlain Sings. Denne versjonen vart ein hit i 1963 og nådde 14. plassen på singellista i USA.

Andre hitversjonar av songen er mellom andre ein duett med Bobbie Gentry og Glen Campbell i 1969 (#27 U.S. pop, #6 U.S. country, #3 UK, #6 Euro Hit 50, #6 Sverige).

Nitty Gritty Dirt Band-sin versjon nådde 66. plassen på Billboard Hot 100 i 1975.

Cliff Richard, i lag med Phil Everly frå the Everly Brothers, nådde 14. plassen på den britiske singellista i 1994.

Andre versjonar

  • 1963: Roy Orbison gav ut songen på albumet In Dreams.
  • 1965: Jan & Dean gav ut songen på albumet Command Performance.
  • 1981: Andy Gibb og Victoria Principal gav ut songen på ein singel.
  • 1981: Juice Newton gav ut songen på albumet Juice.
  • 1984: Jeff Bridges og Karen Allen spelte inn songen som ein duett for filmen Starman.
  • 1986: R.E.M. gav ut ein versjon av songen som «Dream (All I Have to Do).» Denne versjonen var med i filmen Athens, GA: Inside/Out og i 1993 på albumet Life's Rich Pageant.
  • 1994: Linda Ronstadt og Kermit the Frog song songen som ein duett på Muppet-albumet Kermit Unpigged.
  • 1996: PJ & Duncan (no kjend som Ant & Dec) gav ut songen som singel for albumet The Cult of Ant & Dec, men songen vart fjerna før albumet kom ut.
  • 1997: Dwight Yoakam gav ut songen på albumet Under The Covers.
  • 2005: The Dandy Warhols gav ut songen for videospelet Stubbs the Zombie in Rebel Without a Pulse.
  • 2006: Andrea Corr og Laurent Voulzy gav ut ein versjon av songen som ein duett på Voulzy-albumet La Septième Vague og The Corrs-albumet Dreams: The Ultimate Corrs Collection.
  • 2006: Cat Power spelte ein versjon av songen kalla «Dreams» på albumet The Greatest.
  • 2010: Den 4. november enda Stephen Colbert og Elvis Costello «The Colbert Report» med ein duett av songen.[7]
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads