All by Myself

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«All by Myself» er ein ballade av den amerikanske musikaren Eric Carmen gjeve ut i 1975. Verset er basert på den andre satsen (Adagio sostenuto) av Sergej Rakhmaninov sin Pianokonsert nr. 2 i c-moll, Opus 18. Refrenget låner frå songen «Let's Pretend» som Carmen hadde spelt inn med Raspberries i 1972.[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart først gjeven ut på det første soloalbumet til Carmen, etter han slutta i powerpopgruppa Raspberries og vart gjeven ut som den første singelen hans i desember 1975 til stor suksess. Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100, førsteplassen på Cash Box Top 100 Singles og tredjeplassen i Canada. Singelen selde meir enn 1 million eksemplar i USA og fekk gullplate i april 1976.[4] «All By Myself» var den første av åtte singlar Carmen fekk inn på topp 40 i USA. I Storbritannia vart det den einaste hitten hans, med ein 12. plass. I ei sjåarundersøking i Storbritannia i 2006 om kva som var den beste kjærleiksbrotssongen, hamna denne versjonen til Carmen på 17. plass.

Carmen trudde at musikken til Rachmaninoff var offentleg eige og at det ikkje lenger var opphavsrett på musikken. Då albumet kom ut vart Carmen difor kontakta av Rachmaninoff-boet som kunne informere han om at slik var det ikkje.[5] Det vart kom til semje om at boet skulle få 12% av inntektene til «All By Myself» og «Never Gonna Fall in Love Again», som var basert på den tredje satsen av Rachmaninoff sin Symfoni nr. 2.[6][7]

Songen vart sidan spelt inn av mange andre artistar, som Celine Dion, Frank Sinatra, Igudesman & Joo og Il Divo.

Carmen-versjonen vart nytta i ein episode av Venner for livet og That 70's Show. Han vart òg nytta i filmen Under Wraps.

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1976), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Årsliste (1976), Plassering ...
Remove ads

Celine Dion-versjonen

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Celine Dion-kronologi ...

Ein av dei mest kjende coverversjonane av «All by Myself» vart spelt inn av Celine Dion i 1996. Det var den fjerde hitten hennar frå albumet Falling into You.[12] Han vart produsert av David Foster i Compass Point StudiosBahamas og gjeven ut 7. oktober 1996 i Europa, 13. januar 1997 i Australia og 11. mars 1997 i Nord-Amerika.

Det vart laga tre musikkvideoar for singelen. Den første kom i oktober 1996.

Dion framførte ofte songen på turneane sine, TV-show og musikkshow. Ein versjon frå Talking Chances-turneen i 2008-2009 finst på Taking Chances World Tour: The Concert.[13]

Dion spelte òg inn ein spansk versjon av «All by Myself», kalla «Sola Otra Vez». Han vart gjeven ut på den latinamerikanske og spanske utgåva av singelen og kom sidan ut på samlealbumet.[14]

«All by Myself» vart ein av dei største hittane til Dion i USA, der han nådde toppen av Hot Adult Contemporary Tracks (i tre veker) og Latin Pop Airplay (to veker). Han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og femteplassen på Hot 100 Singels Sales). Singelen gjekk òg inn på topp 10-lista i Frankrike, Storbritannia, Vallonia i Belgia og i Irland. Han selde til gullplate i fleire land.

Songen finst på somme utgåve av samleplatene All the Way… A Decade of Song i 1999 og på My Love: Essential Collection i 2008.

Lister

Meir informasjon Liste (1996–97), Plassering ...
Remove ads

Kjende versjonar

Meir informasjon År, Artist/gruppe ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads