Alsou
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alsu Ralifovna Abramova (fødd 27. juni 1983 i Bugulma i Tatarstan), òg kjend som Alsou, er ein tatarisk vokalist og skodespelar frå Russland som framfører melodiar på russisk, tatarisk og engelsk.[1]
I Noreg og Europa vart Alsou kjend då ho representerte Russland i Eurovision Song Contest 2000 med songen «Solo». Songen enda på andreplass, bak danske Olsen Brothers og «Fly on the Wings of Love». I 2009 var Alsou ein av to programleiarar då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva.[2]
Alsou er dottera til Ralif Safin som var visepresident i LUKoil, tidlegare senator i republikken Altaj og medlem av Det russiske føderasjonsrådet.[3][4][5] Ho spelte piano som barn og gjorde seg merka for songtalentet sitt allereie i tiårsalderen. I mars 2006 gifta Alsou seg med den russisk-jødiske musikaren Yan Abramov.[6]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads