Eurovision Song Contest 2000

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eurovision Song Contest 2000 var den 45. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Sverige etter at landet vann 1999-tevlinga med «Take Me to Your Heaven» og Charlotte Nilsson. Sendinga blei produsert av Sveriges Television og gjekk direkte frå Globen Arena i Stockholm laurdag 13. mai 2000. Programleiarar var Kattis Ahlström og Anders Lundin. Dette var andre gongen tevlinga blei arrangert i Stockholm, og fjerde gongen tevlinga fann stad i Sverige. Globen skulle seinare vere vertskap igjen for tevlinga i 2016.

Kjappe fakta Dato, Vertskap ...

Deltakarfeltet bestod av 24 land. Latvia debuterte, og Russland var tilbake for fyrste gong sidan 1997. Slovakia, Hellas og Ungarn avstod frå å delta av økonomiske årsaker, mens Finland, Makedonia, Romania og Sveits var tilbake etter å ha måtta stå over i 1999. Samstundes måtte Bosnia-Hercegovina, Litauen, Polen, Portugal og Slovenia stå over 2000-tevlinga, siden dei hadde dei lågaste snittpoengsummane i femårsperioden 1995–1999.

Danmark vann tevlinga med Olsen Brothers og songen «Fly on the Wings of Love», som fekk 195 poeng. Dette var den andre sigeren til Danmark til då, og den fyrste på 37 år, sidan Grethe og Jørgen Ingmann vann med «Dansevise» i 1963. Russland, Latvia, Estland og Tyskland utgjorde resten av topp fem. Både Russland og Estland fekk sine beste plasseringar i tevlinga til då, mens tredjeplassen til Latvia var den beste plasseringa til eit debutantland sidan andreplassen til Polen i 1994. Noreg var representert av gruppa Charmed, som song «My Heart Goes Boom» til ein ellevteplass.

Gjennom ei sponsoravtale med Microsoft blei Eurovision Song Contest for fyrste gong sendt direkte over internett.

Remove ads

Bakgrunn

Thumb
Globen i Stockholm, i dag kjend som Avicii Arena.

Etter sigeren med «Take Me to Your Heaven» i Jerusalem året før, var det Sverige og SVT som var vertskap for tevlinga. Dette var den fjerde gongen Sverige arrangerte Eurovision Song Contest etter å ha arrangert i Stockholm i 1975, Göteborg i 1985 og i Malmö i 1992.

SVT la tevlinga til Globen Arena, i dag kjend som Avicii Arena, med plass til 13 000 tilskodarar. Tv-programleiarane Kattis Ahlström og Anders Lundin blei valde til å leie programmet. Sistnemnde var kjend også for norske sjåarar etter å ha vore programleiar for den nordiske samproduksjonen Pick-Up. Svante Stockselius var hovudprodusent for finalen, mens norske Marius Bratten var regiansvarleg for sendinga.[1]

Etter synkande sjåartal i åra i forvegen, ønskte dei svenske arrangørane å fornye showet. Både scenedekor og kameraføring var meir moderne enn tidlegare. Det same var logoen, ein stilisert halvopen munn som skulle vere ein «sensuell, men stilistisk rein munn, som representerte song, dialog og tale», ifølgje logoskaparane.[1] På scena var det også fem store mobile tv-skjermar på nærare 2 gonger 4 meter. Postkort-filmane mellom songane skulle også syne fram Stockholm som ein moderne storby. 3000 menneske var involvert i arbeidet med finalen, og SVT brukte 22 kamera under sendinga frå Globen.[2]

Prislappen for heile produksjonen var rekna til 50 millionar svenske kroner, og av dette betalte NRK 700 000 kroner for å delta i tevlinga.[3][4]

Remove ads

Kvalifisering

Sidan stadig fleire land ønskte å delta i Eurovision Song Contest, hadde EBU innført eit meir permanent kvalifiseringssystem frå 1997 for å halde talet på deltakarland nede. Eit land som ikkje var kvalifisert eit år, fekk automatisk rett til å delta året etter.[5][6] Dette var fyrste året der ordninga med «dei fire store» tok til å gjelde. Dette innebar at dei fire største økonomiske bidragsytarane i Eurovision Song Contest – Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland – var sikra deltaking uansett korleis dei gjorde det i tevlinga.[7]

EBU auka dette året talet på deltakarland frå 23 til 24. Startfeltet bestod av vertslandet Sverige og «dei fire store»: Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland. I tillegg deltok debutantlandet Latvia, dei 13 landa med høgast gjennomsnittspoengsum frå femårsperioden 1995–1999 og landa som måtte stå over finalen året før.[8]

På grunn av kvalifiseringsordninga var ikkje Bosnia-Hercegovina, Litauen, Polen, Portugal og Slovenia kvalifisert for 2000-tevlinga.[1] Dette for å gje plass til Finland, Makedonia, Romania, Russland og Sveits som måtte stå over året før. Hellas skulle også ha deltatt etter å ha måtta stå over i 1999, men den greske kringkastaren ERT valde av økonomiske årsaker å ikkje ta del.[9] Ungarn og Italia var no permanent fråverande frå Eurovision Song Contest.

Meir informasjon Rang, Land ...
Notar
  1. Tabellen er rangert etter kriterium-rekkefølgja som oppgitt i regelverket. Snittpoengsummen er utrekna ved å summere alle poenga som kvart land hadde mottatt i dei fem føregåade finalane, og deretter dele totalsummen med talet på deltakingar til det aktuelle landet.
  2. Kroatia fekk 118 poeng i 1999, men blei trukket 33 prosent av poengsummen til utrekninga av femårssnittet. Dette som straff for at landet hadde brukt ferdiginnspelt bakgrunnsvokal i sitt 1999-bidrag.
Remove ads

Sendinga

Thumb
Anders Lundin var ein av dei to programleiarane.

Programmet opna med bilete frå Stockholm, mens namna på alle deltakarlanda blei lesne opp. Deretter blei det vist bilete inne frå eit mørklagt og stille Globen, før ei kvitkledd, blond jente dukka opp på scena og ropte «Welcome, Europe!». Da braut jubelen laus blant dei 13 000 publikummarane i arenaen. Programleiarane Kattis Ahlström og Anders Lundin kom deretter på scena og heldt ein introduksjon på alle deltakarspråka.

Deretter starta presentasjonen av dei 24 deltakerlåtane. Rekkjefølgja var avgjord ved loddtrekking fleire månader i forvegen, Israel opna, mens Austerrike avslutta. Som året før hadde Noreg fått trekt startnummer åtte. Kvart land blei presentert med ein såkalla postkortfilm som viste ein ting frå det respektive landet på plass i Stockholm. I postkortfilmen til Noreg var det norsk bensin som var temaet. Undervegs i songframsyningane var det fleire pauser der ein viste klipp frå tidlegare finalar.

Thumb
Olsen Brothers tok ein overraskande dansk siger. Her frå Dansk Melodi Grand Prix 2017. Foto: Wouter van Vliet, EuroVisionary

Pausenummeret var ei «musikalsk rundreise» i Europa, regissert av Johan Söderberg. Nummeret opna med ei felespelande svensk jente på scena, akkompagnert av ein kortfilm med bilete av syngjande og spelande menneske frå ulike land i Europa. Nummeret blei avslutta med eit kombinert danse- og trommeshow direkte frå Globen. SVT hadde som mål å modernisere tevlinga, og arrangørane blei godt hjelpte av startfeltet som bestod av langt meir tidsriktige og kommersielle låtar enn tidlegare.[1] Blant desse var songane frå Estland, Noreg, Russland, Island og Latvia. Sverige var representert av Roger Pontare, som blant anna fekk hjelp frå den norske joikaren Johan Sara.[15]

Men blant dei mange ungdommelege og tidsriktige songane, var det dei middelaldrande danske brørne Olsen som vann med «Fly on the Wings of Love». Den danske sigeren kom overraskande på både presse og speleselskap,[16] og etter sigeren kommenterte Aftenposten: «At de to sympatiske brødrene vant, er ikke bare en stor overraskelse, men også et paradoks. For dette var året da sangkonkurransen gjennomgikk en nesten total foryngelse, der seige ballader var byttet ut med ungdommelig gladpop.»[17]

Trass dette fekk «Fly on the Wings of Love» større kommersiell suksess enn vinnarlåtane åra før, og i Sverige selde singelen til platina.[18] I Noreg låg songen fire veker på VG-lista med ein femteplass som høgaste notering. Også albumet Wings of Love selde bra og toppa VG-lista i seks veker.[19] Dette var den andre sigeren til Danmark i Eurovision Song Contest, og den fyrste på 37 år, sidan Grethe og Jørgen Ingmann vant tevlinga i 1963 med «Dansevise».

Sendinga blei direkteoverført til 33 land – blant andre Australia og Japan – og hadde eit potensielt publikum på 800 millionar sjåarar.[2]

Avrøystinga

Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar via telefonavrøysting. Sjåarane fekk røyste i ti minutt før linjene stengde, men kvart land hadde også ein reservejury på åtte personar i tilfelle det oppstod problem med telefonavrøystinga. Fem av landa – Latvia, Makedonia, Romania, Russland og Tyrkia – brukte jury. I tillegg måtte Nederland bruke sin reservejury då landet avlyste telefonavrøystinga kort tid før finalen på grunn av fyrverkeriulykka i Enschede same dag.[20] Overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.

Ines og «Once in a Lifetime» frå Estland var den store førehandsfavoritten dette året, i tevling med blant andre norske Charmed, russiske Alsou og latviske Brainstorm.[21][22] Men då poenga byrja å komme inn, tok Danmark leiinga frå start og vann til slutt klårt med 195 poeng – 40 poeng framfor Russland på andreplass. «Fly on the Wings of Love» fekk 12 poeng frå heile åtte land og 10 poeng frå sju. Norske tv-sjåarar gav 10 poeng til Danmark.[23] Favorittane Latvia og Estland blei høvesvis nummer tre og fire, mens Noreg enda på ein ellevteplass.

Remove ads

Det norske bidraget

Det norske bidraget var songen «My Heart Goes Boom», som blei framført av gruppa Charmed med Hanne HaugsandMonica Nygård og Oddrun Valestrand som medlemmar. Den friske poplåten hadde overraskande vunne den norske finalen i mars og blei liggjande på VG-lista i elleve veker med tredjeplass som høgaste notering.[24] Den norske låten var komponert av Morten Henriksen, med tekst skriven av Tore Madsen.

I forkant av den internasjonale finalen segla det norske bidraget opp som ein av favorittane til å vinne. Den norske delegasjonsleiaren, Jon Ola Sand, hadde aldri opplevd ei så stor interesse for Noreg tidlegare, og jentene i Charmed begeistra presse og fans i dagane før finalen.[25] I finaleveka hadde fleire av veddemålsbyråa «My Heart Goes Boom» på topp tre.[21][26] Fire dagar før finalen hadde det britiske speleselskapet William Hill Noreg på andreplass, etter Estland.[22] Merksemda var stor rundt dei norske deltakarane, men etter ein svak generalprøve dagen før finalen, bad Charmed om å få ro fram til finalen.[27] På scena i Globen laurdag 13. mai gjekk Charmed på scena som nummer åtte. Med seg hadde dei koristane Åshild Stensrud, Håvard Gryting og Karin Kvalvaag. Trass favorittstemplet på førehand fekk Noreg berre 57 poeng frå dei andre landa og hamna på ein ellevteplass.[28]

Marit Åslein, som hadde jobba med programleiar Anders Lundin i den nordiske samproduksjonen Pick-Up, las poenga frå dei norske sjåarane.[29] Jostein Pedersen kommenterte sendinga på NRK1, mens Stein Dag Jensen kommenterte for NRK P1.[30]

I opptakta til finalen hadde NRK og Telenor gått saman om ei storsatsing på internett. I veka før finalen kunne lesarane lese daglege rapportar, sjå videoklipp og anna på internett. Dette var fyrste gongen NRK hadde ein så omfattande dekking av tevlinga på internett, og prosjektet skulle teste korleis NRK og Telenor kunne «jobbe sammen for å utvikle tilbudet av bredbåndstjenester i Norge».[31] Eurovision Song Contest blei også sendt på internett for fyrste gang dette året, men dette var ikkje ein del av tilbodet frå NRK og Telenor.[7]

Remove ads

Hendingar

På førehand var det ein del kontroversar omkring den israelske gruppa Ping Pong. Under prøvene vifta medlemmane i gruppa med både israelske og syriske flagg som eit bodskap om fred mellom dei to landa.[32] Alle dei fire gruppemedlemmane fortalde også at dei var biseksuelle og praktiserte fri sex, og dei to mennene i gruppa kyssa under framføringa.[33] Både den israelske delegasjonen og EBU-leiinga trua med å diskvalifisere det israelske bidraget dersom gruppa fortsette å vifte med flagga, men Ping Pong fekk til slutt lov til å bruke flagga under framføringa.[1][7][34]

Etter den danske sigeren la den russiske delegasjonen inn protest mot Danmark, sidan Jørgen Olsen hadde brukt ein vocoder for å forvrengje stemma på eit av versa i vinnarsongen. EBU avviste klagen.[1]

Nederland avlyste telefonavrøystinga som følgje av den store fyrverkeriulykka i Enschede tidlegare same dag.[20] Den nederlandske kringkastaren NOS valde også å avbryte direktesendinga frå Sverige i respekt for offera og for å kunne sende nyhende om ulykka. I staden var det poenga frå den nederlandske reservejuryen som blei brukt i tevlinga.[1]

For fyrste gong gav EBU ut ein offisiell samle-cd med alle deltakarsongane. Unionen hadde gjeve ut eit liknande samlealbum året før, men då inneheldt ikkje cd-en alle deltakarsongane på grunn av usemje om rettar. Dette var også fyrste året finalen blei sendt via internett.[1][7]

Remove ads

Deltakarar

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[35] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Sang Språk Plass Poeng
01 Israel Ping Pong «Sa'me'akh» (שמח) Hebraisk 22 7
02 Nederland Linda Wagenmakers «No Goodbyes» Engelsk 13 40
03 Storbritannia Nicki French «Don't Play That Song Again» Engelsk 16 28
04 Estland Ines «Once in a Lifetime» Engelsk 4 98
05 Frankrike Sofia Mestari «On aura le ciel» Fransk 23 5
06 Romania Taxi «The Moon» Engelsk 17 25
07 Malta Claudette Pace «Desire» Engelsk og maltesisk 8 73
08 Noreg Charmed «My Heart Goes Boom» Engelsk 11 57
09 Russland Alsou «Solo» Engelsk 2 155
10 Belgia Nathalie Sorce «Envie de vivre» Fransk 24 2
11 Kypros Voice «Nómiza» (Νόμιζα) Gresk og italiensk 21 8
12 Island August og Telma «Tell Me!» Engelsk 12 45
13 Spania Serafín Zubiri «Colgado de un sueño» Spansk 18 18
14 Danmark Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love» Engelsk 1 195
15 Tyskland Stefan Raab «Wadde hadde dudde da?» Tysk og engelsk 5 96
16 Sveits Jane Bogaert «La vita cos'è?» Italiensk 20 14
17 Kroatia Goran Karan «Kad zaspu anđeli» Kroatisk 9 70
18 Sverige Roger Pontare «When Spirits Are Calling My Name» Engelsk 7 88
19 Makedonia XXL «100% te ljubam» (100% те љубам) Makedonsk og engelsk 15 29
20 Finland Nina Åström «A Little Bit» Engelsk 18 18
21 Latvia Brainstorm «My Star» Engelsk 3 136
22 Tyrkia Pınar Ayhan og SOS «Yorgunum Anla» Tyrkisk og engelsk 10 59
23 Irland Eamonn Toal «Millennium of Love» Engelsk 6 92
24 Austerrike The Rounder Girls «All to You» Engelsk 14 34 

Artistar som hadde delteke tidlegare

Meir informasjon Artist, Land ...
Remove ads

Poengtavle

Ifølgje tevlingsreglane måtte alle land bruke telefonavrøysting. Dei ti mest populære songane i kvart land blei tildelt poeng i valørane 1–8, 10 og 12. Det kunne ikkje røystast meir enn tre gongar per telefon. I særskilte tilfelle der telefonavrøysting ikkje var teknisk gjennomførbart, kunne ein bruka jury i staden.[8] Dette gjorde Latvia, Makedonia, Romania, Russland og Tyrkia. Kvart land hadde i tillegg ein reservejury på åtte personar som skulle brukast om telefonavrøystinga svikta, eller plutseleg ikkje kunne gjennomførast. Dette skjedde i Nederland, der telefonavrøystinga blei avlyst kort tid før finalen på grunn av fyrverkeriulykka i Enschede same dag.[20] Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[36]

Meir informasjon Deltakerland, Poenggjevande land ...

12 poeng

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som ble avgitt under avrøystinga.

Meir informasjon Antall, Land som fekk 12 poeng ...
Remove ads

Kommentatorer og poengopplesere

Poengopplesere

Kvart land hadde utnemnd ein talsperson som annonserte poenga frå landet sitt over satellitt på engelsk eller fransk.[37] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.[38]

  1. Israel  Yoav Ginai[39]
  2. Nederland  Marlayne
  3. Storbritannia  Colin Berry
  4. Estland  Evelin Samuel
  5. Frankrike  Marie Myriam[40]
  6. Romania  Andreea Marin
  7. Malta  Valerie Vella[41]
  8. Noreg  Marit Åslein
  9. Russland  Zjanna Agalakova
  10. Belgia  Thomas van Hamme[40]
  11. Kypros  Loukas Hamatsos
  12. Island  Ragnheiður Elín Clausen
  13. Spania  Hugo de Campos
  14. Danmark  Michael Teschl
  15. Tyskland  Axel Bulthaupt
  16. Sveits  Astrid Von Stockar
  17. Kroatia  Marko Rašica[42]
  18. Sverige  Malin Ekander
  19. Makedonia  Sandra Todorovska[43]
  20. Finland  Pia Mäkinen
  21. Latvia  Lauris Reiniks
  22. Tyrkia  Osman Erkan
  23. Irland  Derek Mooney
  24. Austerrike  Dodo Roscic

Kommentatorar og kringkastarar

Dei fleste landa som kringkasta finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 2000 i alfabetisk rekkjefølgje etter land:[44]

Meir informasjon Land, Kringkastar ...
Meir informasjon Land, Kringkastar ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads