Altair
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Altair (Alfa Aquilae, Alfa Aql, α Aquilae, α Aql, Atair) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Ørna og den tolvte mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. Ho ligg fortida i G-skya.[8][9] Altair er ei hovudseriestjerne klasse A med ein tilsynelatande storleiksklasse på 0,77 og er ein av toppunkta i Sommartreknanten (dei to andre toppunkat er markert av Deneb og Vega).[2][7][10]
Altair roterer raskt, med ein snøggleik kring ekvator på kring 286 km/s.[4] Rotasjonsperioden er berre kring 9 timar.[5] Til samanlikning bruker sola 25 dagar på ein full rotasjon. Ei undersøking med Palomar Testbed Interferometer avdekte at Altair ikkje er kulerund, men flattrykt på polane på grunn av den store rotasjonssnøggleiken.[11] Andre interferometriske undersøkingar med fleire teleskop innan infraraudt spektrum, har stadfesta dette fenomenet.[4]

Altair ligg 16,7 lysår (5,13 parsec) frå jorda og er ein av dei næraste stjernene som er synlege med det nakne auga.[12] I lag med Beta Aquilae og Gamma Aquilae, dannar ho ei kjend linje av stjerner som stundom vert kalla Aquilafamilien eller Aquilaskaftet.[13]
Satellittmålingar i 1999 med Wide Field Infrared Explorer synte at lysstyrken til Altair varierer svakt, mindre enn ein tusendel.[14] Som følgje av dette vart ho i 2005 identifisert som ei Delta Scuti-variabelstjerne.[15]
Remove ads
Namn og kultur
Namnet Altair har vore nytta sidan mellomalderen. Det er ei forkorting av det arabisk omgrept النسر الطائر, an-nasr aṭ-ṭā’ir (Den flyande ørna). Namnet Al Nesr Al Tair finst i katalogen til Al Achsasi Al Mouakket, som vart omset til latinsk som Vultur Volans.[16] Dette namnet vart av arabarane nytta om ein asterisme av α, β og γ Aquilae og går truleg attende til den gamle babylonarane og sumerarane, som kalla α Aquilae ørnestjerna.[17] Skrivemåten Atair er òg blitt nytta.[18] Astrolabium frå England og Vest-Europa avbilda Altair og Vega som fuglar.[19]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads