Amalasunta

austgotisk dronning og regent From Wikipedia, the free encyclopedia

Amalasunta
Remove ads

Amalasunta[a] (fødd ca. 495, død 30. april 534 eller 535) var ei austgotisk dronning og regent. Ho herska over austgotarane som regent for sonen sin då han var mindreårig, frå 526 til 534, og var så regjerande dronning frå 534 til 535. Ho var den yngste dottera til Teoderik den store.[1] Amalasunta var romerskvennleg, og trudde sterkt på å verna romerske dydar og verdiar. Ho er mest kjend for det diplomatiske tilhøvet til Justinian I, som invaderte Italia som følgje av at ho vart drepen.[2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Personleg liv

I 515 eller 516 gifta Amalasunta seg med Eutharic (ca. 480-522), ein austgotisk adelsmann som lik henne skulle tilhøyra Amali-dynastiet. Han var frå Hispania eller Iberia, dagens Spania. Eutharic var son av Widerich (fødd ca. 450), barnebarn av Berismund (fødd ca. 410), og oldebarn av den austgotiske kongen Torismund (død etter 400). Det var viktig for far til Amalasunta, Teoderik den store, at ho gifta seg inn i ein legitim kongefamilie, då ein kunne stilla spørsmålsteikn ved legitimiteten til hennar eigen familie.

Amalasunta var lovprisa av Prokopios og ikkje minst Cassiodorus som ei velutdanna, vakker kvinne.[1] Ho var ein intellektuell, og var godt kjent for sin breie kunnskap og lesing, som inkluderte flytande latin, gresk og gotisk. Ho var i tillegg ein filosofistudent, og var sagt å ha visdommen til Salomo.[3] Amalasunta var òg skildra som å ha alle romerske dydar forventa av ei adelskvinne: lukke, fruktbarheit og tolmod, men det vart lagt meir vekt på dydane hennar innan den politiske sfæren i motsetnad til det feminine, som var noko som separerte ho frå andre austgotiske prinsesser.[3] Som dei fleste austgotarar var Amalasunta tilhengar av den arianske kristendomen.[4]

Eutharic døydde, tydelegvis i dei tidlege åra av ekteskapet med Amalasunta, og etterlét seg to barn, Atalarik og Matasunta (fødd ca. 517, død etter 550).

Remove ads

Regjering

Thumb
Konsulardiptykhon av Rufius Gennadius Probus Orestes ved Victoria and Albert museum. Portrett av Amalasunta og sonen Atalarik er over teksta, på kvar si side av krossen.

Regent

Då far til Amalasunta døydde 30. august 526,[5] tok sonen hennar over som konge. Han var ti år gammal,[6] og Amalasunta vart regent for sonen. Ein kan sjå hennar enorme innverknad i denne regentposisjonen i eit diptykhon av Rufius Gennadius Probus Orestes frå 530 der ho er sett ved sida av sonen.

Djupt bunden av eldre romersk kultur, gav ho utdanninga til sonen ein meir foredla og litterær retning som passa idéane til dei gotiske undersåttane hennar. Ifølgje Prokopios førte denne vektlegginga på ei romersk utdanning for sonen ei konflikt med gotiske adelsfolk, som ville at han skulle fostrast etter deira «barbariske» ideal.[3]

Medvite om upopulariteten sin, fekk ho forvist og seinare avretta tre gotiske adelsmenn som ho mistenkte for å konspirera mot styret hennar. Samstundes opna ho samtalar med den austromerske keisaren Justinian I med utgangspunkt i å fjerna seg sjølv og den gotiske skatten til Konstantinopel. Då sonen døydde 2. oktober 534 førte det i første omgang til få endringar i tilstanden til riket.[7]

Regjerande dronning

Etter at Atalarik døydde vart Amalasunta dronning, og regjerte åleine i eit kort bel før ho gjorde fetteren sin Teodahad til medherskar (men ikkje ektemann, som det nokre gonger er blitt sagt, ettersom kona hans enno levde),[7] med idéen om å styrkja stillinga si. Teodahad var ein framståande leiar av den gotiske militæradelen, gruppa som var sterkt imot den romerskvennlege haldninga hennar. Amalasunta trudde at denne handlinga ville hjelpa til å gjera støttespelarar av dei største kritikarane hennar. Teodahad styrkte derimot den misnøgde haldninga til gotarane, og anten ved hans ordre eller løyve, vart Amalasunta fengsla på øya Martana i Bolsenasjøen, der ho vart myrda i sitt eige bad 30. april i anten 534 eller 535.[7]

Remove ads

Etter døden

For meir om dette emnet, sjå Gotarkrigen 535–554.

Drapet på Amalasunta gav Justinian I den store ein grunn til å gå til krig mot austgotarane i eit forsøk på å erobra Italia. I følgje den austromerske historikaren Prokopios var det trudd at Amalasunta og Justinian I hadde eit svært nært diplomatisk tilhøve. Meir spesifikt trudde Prokopios at Amalasunta tenkte å gje Italia til Justinian rundt tida då ho døydde.[2] Kort tid etter drapet på Amalasunta vart Teodahad bytt ut med Witiges, som var svigersonen til Amalasunta. Med støtte frå folket vart Teodahad avretta av Witiges.[6]

Kjelder

Breva til Cassiodorus, statsministeren og den litterære rådgjevaren til Amalasunta, og historiene til Prokopios og Jordanes, gir nøkkelinformasjon kring haldningane til dronninga.[7] Cassiodorus var ein del av eit større romarvennleg parti som ynskte å romanisera det tradisjonelle austgotiske monarkiet, noko som er vidare bevis på den romarvennlege sfæren Amalasunta var del av.[8]

Ettermæle

Thumb
Illustrasjon av Amalasunta frå Nürnbergkrønika.

Livet til Amalasunta var emnet for ein tragedie, det første skodespelet skrive av ein ung Carlo Goldoni og presentert i Milano i 1733.[9]

Den rumenske poeten George Coșbuc skreiv eit dikt med tittelen «Regina Ostrogotilor», der Amalasunta snakkar til Teodahad før han drep henne.

Amalasunta er spelt av Honor Blackman i filmen Kampf um Rom frå 1968.[10]

Asteroiden 650 Amalasuntha er oppkalla etter Amalasunta.[11]

Remove ads

Merknadar

  1. Også skrive Amalasuentha, Amalaswintha, Amalasuintha, Amalasuntha, Amalswinthe, Amalasontha, Amalasiuntha og Amalsenta

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads