Arianisme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Arianisme
Remove ads

Arianisme er ei monoteistisk, kristologisk lære innan kristendommen som hevdar trua på at Jesus Kristus er Guds son, men at han blei fødd av Gud på eit bestemt tidspunkt,[1] er ulik frå Faderen og derfor underordna den øvste guddommen.[2][3]

Thumb
Arius, bysantinsk takmåleri frå 1500-talet som framstiller Arius og konsilet i Nikea i år 325. I oldkyrkja var det framleis teologisk diskusjon om forholdet mellom Gud og gudssonen Jesus. Den aleksandrinske presbyteren Arius og tilhengjarane hans, arianarane, hevda at Sonen er ein guddom, men skapt av Faderen på eit bestemt tidspunkt, og derfor ikkje evig, og såleis underordna han.

Arianismen og den teologiske læra bak han er fyrst tilskriven Arius (ca. 260-336 e.Kr.). Han var ein kristen prest i den egyptiske byen Alexandria. Arius si lære og tilhengjarane hans, som blir kalla arianarar, blei imøtegått og motsagt av det teologiske synet som blei hevda av andre kristne som heldt fast på homoousios (gresk ὁμοούσιος, «av same vesen»), rundt vesenet til treeininga og vesenet til Jesus Kristus.

Den arianske ideen om Jesus Kristus byggjer på forståinga om at Gud er evig og alltid har eksistert, medan Guds son blei fødd og såleis ikkje alltid har eksistert.[4]

I byrjinga til kristendommen og den fyrste utbreiinga til trua på 300-talet var det ein strid mellom to tolkingar (arianisme og homoousios) basert på den teologiske ortodoksien (rett-trua) på denne tida, og begge retningane prøvde å løysa det teologiske dilemmaet.[5] Innleiingsvis var det derfor to like ortodokse tolkingar som sette i gang ein konflikt for å overtyda og vinna tilhengjarar og definera den nye ortodoksien.[6] Arianismen blei fordømt av det økumeniske konsilet i Nikea i 325,[7] men det varte lenge før han forsvann. Den 27. november 326 blei Arius tilkalla til Konstantinopel. Der tok utanlandske leigesoldatar til seg trua og spreidde så arianismen utover i Europa. Dette førte til vreide i den katolske kyrkja, då ho meinte at arianismen var øydeleggjande kjetteri ved å nekta for Jesu Kristi guddom. Blant mange av dei germanske folkeslaga, mellom anna vestgotaraneden iberiske halvøya, vandalar i Nord-Afrika og langobardar i det nordlege Italia, levde arianismen vidare i fleire hundreår til, mellom anna av maktpolitiske årsaker. Sidan har alle greiner av kristendom rekna arianismen for å vera heterodoksi (annleistenkjande) og kjettersk.[8]

Remove ads

Bakgrunn

Thumb
Keisar Konstantin den store gjev ordre om å brenna arianske bøker. Illustrasjon frå 800-talet.

Ifølgje arianismen er Sonen (Jesus Kristus) eit skapt vesen, den fyrste og høgaste av alle skapte vesen, men han er ikkje guddommeleg. Det har vore ei tid då Guds son enno ikkje var, er ei kort slagordform av et til arianismen innanfor kristologien. Faderen (Gud) har skapt Sonen av inkje, og seinare enn ved dei eldste tidene. Sjølv om Sonen er Faderens mest fullkomne verk er dei vesensforskjellige, og Guds son blir kalla Son berre i same forstand som menneska blir kalla Guds folk. På same vis er Den heilage anden det nest mest fullkomne skaparverket til Farderen. Faderen er altså åleine størst, og Treeiningsomgrepet kan ikkje nyttast om Gud.

Arianismen hadde tidvis stor utbreiing, men blei fordømt av biskop Alexander av Alexandria i 319 og deretter ved konsilet i Nikea i 325. I Nikea blei det slått fast at Guds son har same guddom som Faderen. Arianarane blei avviste og ekskluderte.

Keisar Konstantin den store oppheva fordømminga allereie i 327. Keisar Konstantius II gjorde kristologien til arianismen til eit dogme i statsreligionen i Romarriket. Men biskop Alexander og etterfølgjaren hans Athanasius nekta å ta inn Arius i kyrkja att. Etter mange tiår med bitter strid mellom tilhengarar av Arius og Athanasius («den arianske striden»), blei arianismen fordømt på nytt under det fyrste konsilet i Konstantinopel i 381.

Det økumeniske konsilet i Nikea la grunnen for den såkalla nikenske truvedkjenninga, som framleis er det fremste av dei oldkyrkjelege symbola for dei fleste kristne trussamfunn i dag, dvs. ein felles dogmatisk definisjon av kristen tru. Forma av vedkjenninga som blir nytta i vår tid, er den justerte versjonen som blei til ved konsilet i Konstantinopel; den nikensk-konstantinopelitanske truvedkjenninga.

Ettersom Wulfila, den første biskopen til gotarane, var ein tilhengjar av arianismen, fekk arianismen stor spreiing blant germanarar, og dei heldt fast på denne læra i lang tid. Ved kyrkjemøtet i Toledo i 589 vedkjende dei germanske visigotarane seg til den katolske læra, men blant langobardane levde arianismen vidare til inn på 700-talet.

Remove ads

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads