America av America

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

America er debutalbumet til America, gjeve ut i 1971. Det vart først gjeve ut utan «A Horse with No Name», som kom ut på singel seint i 1971. Då «A Horse with No Name» vart ein verdsomfattande hit tidleg i 1972, vart albumet gjeve ut på ny med dette sporet.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...

Albumet gjekk til topps på Billboard-lista i USA og heldt seg der i fem veker.[2] Det inneheld to hitsinglar: «A Horse with No Name» låg tre veker på toppen av Billboard-lista i 1972 (og nådde tredjeplassen på Adult Contemporary-lista), og «I Need You» nådde nr. 9 på Billboard-lista og nr. 7 på AC-lista.[3] Fleire andre songar fekk radiospeling på FM-stasjonar som spelte albumspor, inkludert «Sandman» (lenge rykta å vera om United States Navy VQ-2-skvadronen som tidlegare var basert i Rota i Spania) og «Three Roses». Albumet vart sertifisert platina av RIAA for sal på over ein million einingar i USA.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I AllMusic-meldinga kalla musikkritikaren David Cleary debutalbumet for ein «folk-pop-klassikar» og konkluderte: «Trass i manglane sine, er denne plata sterkt tilrådd.»[1].

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Frå baksida av vinylutgåva frå 1972.[5]

America

  • Dewey Bunnell – solo- og korvokal, 6-strengs akustisk gitar (utanom på «Here» og «Never Found the Time»)
  • Gerry Beckleybass (utanom på «Three Roses» og «A Horse with No Name»), 6- og 12-strengs akustisk gitar (utanom på «Sandman», «I Need You» og «Pigeon Song»), solo- og korvokal (utanom på «Pigeon Song»), elektrisk gitar og klokker på «Clarice», piano på «I Need You» og «Clarice»
  • Dan Peek – 6- og 12-strengs akustisk gitar (utanom på «A Horse with No Name», «I Need You», «Clarice» og «Pigeon Song»), solo- og korvokal (utanom på «Pigeon Song»), elektrisk gitar (på «Sandman», «Donkey Jaw» og «I Need You»), piano på «Never Found the Time», bass på «A Horse with No Name» og «Three Roses»

med:

  • Ray Cooper – perkusjon
  • Dave Atwood – trommer på «Sandman», «Here», «I Need You» og «Donkey Jaw»
  • Kim Haworth – trommer på «A Horse with No Name»
  • David Lindley – elektrisk gitar på «Children», steelgitar på «Rainy Day»

Teknisk

Salslister

Meir informasjon Liste (1971-1972), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads