An me thimáse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«An me thimáse» (gresk «Αν με θυμάσαι», gresk for Om du hugsar meg) var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på gresk av Déspina Olymbíou. Songen er skriven av Andreas Giorgallis og Zenon Zindilis.
Remove ads
Eurovision Song Contest 2013
Déspina Olymbíou vart vald ut internt av Radiofonikó Ídrima Kýprou (RÍK) til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2013. 14. februar 2013 presenterte ho «An me thimáse» på fjernsynsprogrammet Mazi sto RIK. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifiserte til finalen mått kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Kypros vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 1
Songen starta som nummer 14, etter Irland med «Only Love Survives» av Ryan Dolan og før Belgia med «Love Kills» av Roberto Bellarosa.
Remove ads
Andre versjonar
- Déspina Olymbíou har gjeve ut ein spansk versjon kalla «Si me recuerdas».
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «An Me Thimase» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads