Love Kills av Roberto Bellarosa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Love Kills» (engelsk for Kjærleik drep) er det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Roberto Bellarosa. Songen er skriven av Jukka Immonen, Andreas Anastasiou og Iain James.[1]
Remove ads
Eurovision 2013: A vous de choisir la chanson!
«Love Kills» vann over «Be Heroes» og «Reste toi» i Eurovision 2013: A vous de choisir la chanson!. Bellarosa, som vart vald ut internt til å representere Belgia i Eurovision Song Contest 2013, song dei tre songane i ein radiofinale der radiolyttarane og ein jury røysta fram vinnaren. Tevlinga vart og synt på den offisielle nettstaden til radiokanalen, der ein kunne sjå sendinga direkte.
Eurovision Song Contest 2013
Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Belgia vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 1
Songen starta som nummer 15, etter Kypros med «An me thimáse» av Déspina Olymbíou og før Serbia med «Ljubav je svuda» av Moje 3.
Remove ads
Kjelder
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads