Andorra la Vella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Andorra la Vella er hovudstaden i Andorra, og ligg aust i Pyreneane mellom Frankrike og Spania. Det er òg namnet på kommunen som byen ligg i. Landsbyen Santa Coloma ligg òg i kommunen.
Hovudnæringa i byen er turisme, sjølv om landet òg tener mykje på å vere eit skatteparadis for utlendingar. Møblar og brandy er lokale produkt.
I Andorra la Vella bur forlk frå fleire ulike nasjonalitetar: Spanjolar (43 %), andorranarar (33 %), portugisarar (11 %), franskmenn (7 %), og 6 % andre. Det offisielle språket er katalansk, men ein talar òg spansk og fransk.
Remove ads
Geografi og klima
Andorra la Vella ligg sørvest i Andorra der to fjellelvar renn i hop. Sidan byen ligg i ei høgd på over 1 000 meter har ein nok snø om vinteren til at staden har eit populært skisenter. Klimaet er temperert med kalde vintrar og varme, tørre somrar. Temperaturane varierer i snitt frå rundet -1 °C i januar og 20 °C i juli. Den normale årsnedbøren er 808 mm.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads