Andrine
kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Andrine er eit kvinnenamn, danna av Andreas, som tyder 'mann', og den kvinnelege namneendinga -ine. Namnedagen blir feira 3. juli i Noreg.
Namnet er mellom anna kjend i Danmark og Noreg. Det var mykje brukt på 1600- og 1700-talet, særleg på Austlandet, Nord-Noreg og i Møre og Romsdal,[1] men gjekk nesten ut av bruk i løpet av 1900-talet.[2] Bruken tok seg med eitt kraftig opp mot slutten av hundreåret, før han minka igjen rundt byrjinga av 2000-talet. 1. januar 2004 var det 978 kvinner som hadde Andrine som første fornamn i Noreg. I 2015 var talet stige til 1 596.[3] I Danmark er namnet derimot særs sjeldan, med 6 namneberarar i 2015.[4]
Remove ads
Namneberarar
- Andrine Sæther (f. 1964), norsk skodespelar
- Andrine Flemmen (f. 1974), norsk alpinist
- Andrine Hegerberg (f. 1993), norsk fotballspelar
Annan bruk
- Andrine og Kjell er roman av Gisken Wildenvey frå 1934
- Andrine og Kjell er ein film frå 1952.
Liknande namn
- Andrea
- Andreana
- Andrette
- Andri, Andria, Andriana
- Andrielle
- Andrienne
- Andrietta
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads