Ann Packer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ann Packer
Remove ads

Ann Elizabeth Packer (fødd 8. mars 1942) er ein britisk tidligere friidrettsutøvar som tevla på sprint- og mellomdistanse. Ho vart olympisk meister på 800 meter og tok OL-sølv på 400 under sommarleikane i Tokyo i 1964.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Packer vart nummer seks på 200 m i EM i friidrett 1962 i Beograd på tida 24,4. I same meisterskapen sprang ho startetappen for det britiske stafettlaget som tok bronsemedaljen på 4 x 100 meter.

Packer deltok i sommar-OL 1964 i Tokyo og vann sølvmedaljen på 400 meter, slått med to tidels sekund av Australias Betty Cuthbert. Etter å ha gått vidare til finalen på 800 m med knapp margin, gjorde Packer sitt livs løp i finalen eog spurta forbi leiande Maryvonne Dupureur frå Frankrike. Packer vann gullmedaljen på ny verdsrekord, 2.01,1, Dupureur tok sølv med 2.01,9.

Etter olympiaden la Packer opp som aktiv idrettsutøvar, og gifta seg med sprintaren Robbie Brightwell.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads