Robbie Brightwell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Robert Ian Brightwell (27. oktober 19396. mars 2022) var ein engelsk friidrettsutøvar, fødd i Rawalpindi i dåverande Britisk India. Han vart i 1962 europameister på 400 meter.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Brightwell vart femtemann på 200 meter i EM i friidrett 1958. To år seinare sprang han Storbritannia sitt lag i 4 x 400 m stafett inn til femteplass under Sommar-OL i Roma. Sommaren 1962 sette han livsbeste på 400 m med 45,6 sekund. Høgdepunktet kom då han vann 400-meteren ved europameisterskapen 1962 i Beograd, framom vesttyske Manfred Kinder. I stafettløpet over 4 × 400 meter var rollene omsnudd. Der kneip ankermann Kinder fyrsteplassen for Vest-Tyskland, framom Brightwell. Hausten 1964 enda Brightwell på fjerdeplass på 400 meter ved dei olympiske sommarleikane i Tokyo. Han avslutta med å vinne sølv på 4 × 400 m stafett for Storbritannia og sette europarekord på tida 3.01,6, eitt tidels sekund føre Trinidad og Tobago.

Etter sommarleikane gifta han seg med friidrettsutøvaren Ann Packer.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads