Fysikaren Anne Borg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fysikaren Anne Borg
Remove ads

Anne Borg (fødd 27. september 1958) er ein norsk fysikar. Ho var rektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) frå 2019 til 2023.

Kjappe fakta Fødd, Nasjonalitet ...

Borg er professor i material- og faststoff-fysikk ved NTNU, var dekan for Fakultet for naturvitskap og teknologi/Fakultet for naturvitskap same stad 2013–2017 og vart prorektor for utdanning i 2017.

Borg vart tilsett som rektor ved NTNU 13. desember 2019, etter å ha vore konstituert rektor sidan 21. august 2019.[1] Ho gjekk av 15. desember 2023 etter sterk kritikk på bakgrunn av ei hending nokre dagar førre der ho hadde offentleg kritisert to av sine tilsette i eit lesarinnlegg.[2][3]

Remove ads

Bakgrunn og karriere

Borg vart fødd i Drammen og voks opp i Hønefoss. Ho vart sivilingeniør i teknisk fysikk ved Noregs tekniske høgskule (NTH)[a] i 1982, og dr.ing. i fysikk same stad i 1987, med avhandlinga Infrared spectroscopy for studies of molecular vibrations at surfaces : construction and testing of a wavelength modulation infrared spectrometer.[4]

Etter å ha fullført doktorgraden, var ho postdoktor ved Stanford Synchotron Radiation Laboratory ved Stanford University i 14 månader i 1988–1989. I perioden 1989–1998 hadde ho ulike forskarstillingar ved NTH, SINTEF og NTNU.

Borg sine forskingsområde er overflate- og materialfysikk, «scanning probe»-mikroskopi, fotoelektronspektroskopi og tetthetsfunksjonalteori.

Sidan 1998 har ho vore professor i material- og faststoff-fysikk ved Institutt for fysikk ved NTNU. I perioden 1998–1999 var ho gjesteforskar ved Lawrence Berkeley National Laboratory i California. Ho var prodekan for utdanning ved Fakultet for naturvitskap og teknologi i perioden 2005–2013, og dekan ved same fakultet frå 2013. NTNU fusjonerte med høgskulane i Sør-Trøndelag, Gjøvik og Ålesund 1. januar 2017. Då vart fakultetstrukturen endra, og Borg heldt fram som dekan ved Fakultet for naturvitskap, til ho vart tilsett som prorektor for utdanning 1. august 2017.

Frå 21. august 2019 til 12. desember same år var ho konstituert rektor ved NTNU, og frå 13. desember 2019 er ho tilsett som rektor ved NTNU.[5][6]

Borg har vore sentral i utviklinga av forsking på synkrotonstråling, dels i samarbeid med det svenske forskingslaboratoriet MAX-lab, og ho var medlem i MAX-styret til lab i perioden 2006–2009.[b] Ho er (per 2020) leiar for Scientific Advisory Committee (SAC) ved det noverande MAX IV-laboratoriet.[7]

Medlemskap, verv og heider

Remove ads

Merknadar

  1. NTH vart del av NTNU frå 1996
  2. MAX IV-laboratoriet (før 2011: MAX-lab) er eit svensk nasjonalt laboratorium for akselerasjonsfysikk og forsking ved hjelp av synkrotonlys.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads