Anouk Vetter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anouk Vetter
Remove ads

Anouk Vetter (fødd 4. februar 1993) er ein nederlandsk friidrettsutøvar frå Amsterdam som i 2016 vart europameister i sjukamp under EM i friidrett 2016 i heimbyen. Året etter vann ho bronsemedaljen i sjukampen då verdsmeisterskapen 2017 fann stad i London. Sidan sikra ho seg sølvmedaljen både under Sommar-OL i 2021 og ved verdsmeisterskapen 2022. I den siste meisterskapen presterte ho livsbeste 6 867 poeng.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Vetter sette personbeste med 6 626 poeng då ho vann gullmedaljen i sjukampen under EM 2016. Året etter forbetra ho sin personlege rekord med 10 poeng i London-VM, noko som gav henne bronseplassen i tevlinga. Fire år seinare flytta ho sitt livsbeste til 6 689 poeng då dei olympiske sommarleikane vart avvikla i Tokyo, og kompletterte medaljesamlinga med eit sølv. I mai 2022 gjekk ho til topps i mangekampstemnet i Götzis, forbetra den nasjonale rekorden til 6 689 poeng. Sju veker seinare gjorde Vetter sitt livs beste sjukamp under verdsmeisterskapen i Eugene. Her sanka ho 6 867 poeng, men måtte som i Tokyo-OL året før finne seg i å verte slått av belgiske Nafissatou Thiam.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads