Piplerker

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Piplerker
Remove ads

Piplerker (Anthus) er ei kosmopolitisk slekt av små sporvefuglar med middels til lang stjert. Saman med erler og piplerkene i slekta Macronyx utgjer dei erlefamilien (Motacillidae). Slekta har vid utbreiing og finst over det meste av verda, bortsett frå dei mest tørre ørkenane, regnskogane og fastlandet i Antarktis.

Kjappe fakta

Piplerker er slanke, lite iaugefallande fuglar som lever på bakken og et insekt i ope landskap. Som dei fleste artar i familien er dei monogame og territoriale. Piplerker hekkar på bakken og legg opptil seks spraglete egg.

Remove ads

Taksonomi og systematikk

Thumb
Ei newzealandpiplerke (A. novaeseelandiae). Denne arten vart tidlegare rekna som same art som australiapiplerke (A. australis)

Slekta Anthus vart innført i 1805 av den tyske naturforskaren Johann Matthäus Bechstein.[1] Seinare vart heipiplerke vald som typeart.[2] Det vitskaplege namnet kjem frå latin: Anthus viser til ein liten graslandsfugl nemnd av Plinius den eldre.[3]

Molekylære studiar tyder på at slekta oppstod i Aust-Asia for kring sju millionar år sidan (i sein miocen), og spreidde seg til Amerika, Afrika og Europa for om lag 5–6 millionar år sidan. Artsdanninga skjedde raskt i pliocen (5,3–2,6 millionar år sidan), men gjekk saktare under pleistocen.[4] Gjentatte spreiingar mellom kontinent ser ut til å ha vore viktige for å skape nye artar i Eurasia, Afrika og Nord-Amerika, heller enn at artane utvikla seg isolert etter kolonisering. I Sør-Amerika ser derimot geografisk isolasjon (vicariance) ut til å ha vore ein viktig faktor for artsdanning.[4]

Nolevande artar

Slekta omfattar 46 artar og er dermed den mest artsrike slekta i familien.[5] Dei nøyaktige artsgrensene er framleis omdiskuterte, og somme system lister berre 34 artar.

Til dømes vart newzealandpiplerke (A. novaeseelandiae), som i dag er delt i fire underartar på New Zealand, tidlegare rekna å omfatte òg australiapiplerke (A. australis), tartarpiplerke (A. richardi), orientpiplerke (A. rufulus) og savannepiplerke (A. cinnamomeus).[6][7] På den andre sida kan nokre underartar frå subantarktise øyane ved New Zealand bli skilde ut som eigne artar.[8] Desse taksonomiske utfordringane kjem av at fuglane i slekta liknar kvarandre sterkt.

Familien har òg piplerker utanfor slekta Anthus, først og fremst åtte Macronyx-piplerker, på engelsk longclaws. Ei anna er gullpiplerke (Tmetothylacus tenellus), som tilhøyrer ei monotypisk slekt. Denne arten er mellomform i utsjånad mellom Anthus-piplerker og Macronyx-piplerker og er truleg nærare i slekt med sistnemnde. Ein annan art, sitronpiplerke, vert no plassert i slekta Hemimacronyx, som også er rekna som overgangsform mellom piplerker i Anthus og Macronyx. Delinga byggjer både på morfologiske trekk og genetiske analysar.[9]

Remove ads

Skildring

Thumb
Langnebbpiplerke – fjørdrakta er typisk for slekta, sjølv om denne underarten manglar den sterke stripinga mange piplerker har på brystet

Omtrent halvparten av artane i Arthus har kroppslengd på rundt 14-16 cm. Kortstjertpiplerke (A. brachyurus) er ein av dei minste artane med berre 11,5–12,5 cm. Den største arten kan vere fjellpiplerke (A. hoeschi) på 18,5 cm. Kroppsvekta for slekta under eit ligg mellom 13 og 40 gram.[10] Som alle andre medlemmar av familien er dette slanke fuglar med kort hals, lange bein, og ofte svært lange bakklør. Lengda på bakklørne varierer med leveviset: artar som held seg meir i tre har kortare og meir bogeforma klør, medan bakkefuglar har lange, rette klør. Nebbet er langt, slankt og spisst. Kjønna er svært like i både storleik og fjørdrakt.

Fjørdrakta er vanlegvis brun, gråbrun eller kvitaktig, med varierande mengd striper og flekker på rygg, venger og bryst. Den lite iaugefallande drakta gjev fuglane kamuflasje mot jord og stein i det opne terrenget dei lever i. Nokre få artar får meir fargerik hekkedrakt – til dømes har rosenpiplerke (A. roseatus) grøne kantar på vengfjørene. Madanga (Anthus ruficollis) på Buru i Molukkane, om han blir ståande i slekta, skil seg påviseleg ut i fjørdrakt med olivengrøn overside, grått hovud og underside, og oransje strupe.[11]

Remove ads

Utbreiing og leveområde

Thumb
Kanaripiplerke (Anthus berthelotii) finst berre på Madeira og Kanariøyane

Piplerker har ei kosmopolitisk utbreiing og finst på det meste av verdas landareal. Dei er den einaste slekta i familien som er vidt utbreidd i Amerika frå arktiske øyar i Canada med myrpiplerke (A. rubescens), til Tierra del Fuego i sør med arten correnderapiplerke (A. correndera).

Tre artar lever i Nord-Amerika, sju i Sør-Amerika, og resten i Eurasia, Afrika og Australia, i tillegg til to artar på atlantiske øyar. Seks artar lever på meir enn eitt kontinent.

Thumb
Trepiplerke hekkar i Europa og Nord-Asia og overvintrar i India og Afrika

Som venta hos ei så vidt utbreidd slekt, lever piplerker i mange typar ope habitat. Dei er knytte til grasland i alt frå havnivå til alpin tundra. Nokre, som skjerpiplerke og sørgeorgiapiplerke, held til i fjøresteinane, medan andre lever i fjellområda.

Slekta finst frå arktisk tundra og subantarktiske øyar til tropane, men ikkje i tett regnskog. Nokre artar, som miombopiplerke i Sør-Afrika, lever på opne savannar og i miombo-skog.

Nokre artar er stasjonære året rundt, til dømes kanaripiplerke på Madeira og Kanariøyane, medan andre er delvis nomadiske eller gjer fugletrekk. Trepiplerke og fleire nordlege artar er langdistansetrekkarar, medan fjellpiplerke i Sør-Afrika berre flyttar nokre hundre kilometer nordover vinterstid. Trekket skjer gjerne i flokkar, både dag og natt. Eit unnatak er præriepiplerke (A. spragueii) i Amerika, som berre trekker på dagtid.[7]

Åtferd og økologi

Thumb
Myrpiplerke viftar med stjerten både sidevegs og opp og ned

Piplerker er aktive bakkefuglar som held seg på marka mesteparten av tida. Dei flyg under visingsspel, på trekk eller når dei vert uroa. Nokre artar nyttar òg tre, buskar, steinar eller termittuer som utkikkspunkt.

Som erlene rører dei ofte på stjerten. Måten dei gjer det på kan hjelpe til å skilja artar som elles liknar mykje på kvarandre. Til dømes viftar bergpiplerke stjerten raskt, medan sibirpiplerke (A. hodgsoni) gjer det meir langsamt. Myrpiplerke rører stjerten både opp og ned og sidevegs. Føremålet med denne åtferda er ikkje heilt klart, men hos erler er det truleg eit signal til predatorar om at fuglen er på vakt.[12]

Remove ads

Føde

Føda åt piplerker består mest av små virvellause dyr. Insekt utgjer hovuddelen av føda – mellom anna fluger, biller, grashopper, teger, maur, bladlus og sommarfuglar i både larve- og vaksenstadium.

Dei tek òg edderkoppar, og meir sjeldan meitemakk og skorpionar. Piplerker er opportunistiske og et det som er mest tilgjengeleg, og samansetninga av føda varierer med sesong og område.

Hos somme artar skil kosten til dei vaksne seg frå det dei gjev ungane – til dømes et trepiplerke mykje biller sjølv, men gjev larver og mjukare insekt til ungane.[13]

Artar som lever langs kysten kan òg eta krepsdyr og skjel, og skjerpiplerke er observert medan ho et fisk som lunde har mista under jakt.[14] Nokre artar tek òg bær og frø i visse periodar.[7]

Remove ads

Artsliste

Anthus i rekkjefølgje etter AviList v2025:[5]

Meir informasjon Norsk namn, Vitenskapleg namn ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads