Any Day Now av Scott Walker
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Any Day Now er det åttande studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut i mai 1973, men selde dårleg. «The Me I Never Knew» vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet med opningssporet frå The Moviegoer, «This Way Mary», som B-sida. Albumet var òg det siste studioalbumet Walker gav ut på Philips Records og han skreiv sidan kontrakt med CBS Records (no Columbia).
Remove ads
Tilgjenge
Any Day Now er vanskeleg å få tak i, sidan ein trur Walker var misnøgd med albuma sine frå denne perioden, som han i dokumentaren Scott Walker: 30 Century Man kallar «villmarksåra». Walker har stogga alle CD-utgjevingar av Any Day Now, Scott: Scott Walker Sings Songs from his TV Series (1969) og The Moviegoer (1972).[2]
Trass i at albumet er sletta frå katalogen, er kring halvparten av songane gjevne ut på samleplatene The Collection og Classics & Collectibles (2005). «The Me I Never Knew», «We Could Be Flying», «Do I Love You?», «When You Get Right Down to It», «Cowboy» og «All My Love's Laughter» finst på Classics & Collectibles, medan «Any Day Now» finst på The Collection. «If Ships Were Made To Sail» finst på ei samling av songar skrivne av Jimmy Webb kalla "And Someone Left The Cake Out In The Rain (1998). «Maria Bethania», «If» og «Ain't No Sunshine» er aldri gjevne ut på nytt.
Remove ads
Mottaking
Som med dei andre platene til Walker i 1970-åra, fekk Any Day Now dårleg kritikk då ho kom ut, men har sidan vorte sett i eit meir positivt lys.
Innhald
Medverkande
- Scott Walker - vokal
- Peter Knight - arrangement, dirigent
- Robert Cornford - arrangement, dirigent på spor A4, A6, B1, B5
- John Franz - produsent
- Peter J. Olliff - lydteknikar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads