Apeman

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Apeman» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks. Han er skriven av Ray Davies og gjeven ut på albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One. Songen vart gjeven ut som singel hausten 1970. Han nådde ikkje listene i USA, som føregangaren «Lola», hadde gjort, men vart ein stor hit i Storbritannia der han nådde femteplassen.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen omhandlar om at Davies er lei av den moderne verda og erklærer at han ønskjer «sail away to a distant shore og make like an apeman.» Han uttrykker òg korleis mennesket skapar problema våre og at om mennesket fekk sjansen så ville det forlate byane og leve i jungelen i staden. På mange måtar er songen eit samandrag av nostalgien som hadde vore til stades på albuma Lola vs. Powerman og The Village Green Preservation Society.

Ei tekstlinje i songen, «...the air pollution is fogging up my eyes...», skapte noko kontrovers fordi ordet «fogging» høyrest ut som «fucking».

Songen vart spelt av The Format i 2007.

Remove ads

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1970), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads