Apostrophe (')

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Apostrophe (') er det attande studioalbumet til Frank Zappa. Det kom ut 22. mars 1974[1] i både stereo og kvadrafonisk format. Ein forkorta versjon av den første songen på albumet, «Don't Eat the Yellow Snow», var den første singelen til Zappa som gjekk inn på salslistene då han nådde 86. plass. Apostrophe (') er det mestseljande albumet til Zappa i USA. Det selde til gullplate den 7. april 1976.[2] Albumet nådde 10. plass på Billboard-lista, som vart den høgaste plasseringa til Zappa på lista.

Meir informasjon Frank Zappa-kronologi, Singlar frå ...

Albumet held fram i same stil som det kommersielle gjennombrotet Over-Nite Sensation (1973), med ei blanding av korte songar som syner humoren og dei musikalske arrangementa til Zappa. Tekstane er ofte bisarre og obskure, utanom «Uncle Remus». Denne songen handlar, som den tidlegare songen «Trouble Every Day», om Zappa sine meiningar om rasedisharmoni.

Remove ads

Musikk

Den første halvdelen av albumet følgjer laust eit kontinuerleg tema. «Don't Eat the Yellow Snow» og «Nanook Rubs It» fortel om ein draum songaren hadde då han såg seg sjølv som ein eskimo kalla Nanook.

Som med mange Zappa-album, var Apostrophe (') ei blanding av eldre og nyare innspelingar (det meste av Apostrophe (') (1974) og Over-Nite Sensation (1973) vart spelt inn samstundes). Dei eldre innspelingane er akkompagnementet for «Excentrifugal Forz» (spelt inn under Hot Rats-innspelinga) og «Uncle Remus» (frå The Grand Wazoo). Tittelsporet er frå innspelinga av The Grand Wazoo, og kanskje med nokre ekstra tillegg frå 1973.

Tittelsporet er ein instrumental jam med Cream-bassisten Jack Bruce og trommeslagaren Jim Gordon. Jack Bruce er på omslaget omtalt for å spele bassgitar og for å ha vore medlåtskrivar på tittelsporet.

Utgjeving og mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Apostrophe vert rekna som eit av dei beste albuma til Zappa. Apostrophe (') (1974) og det føregåande Over-Nite Sensation (1973) vart spelt inn samstundes med dei same musikarane. Innspelinga vert dokumentert i ein episode av dokumentarserien Classic Albums som kom på DVD 1. mai 2007.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Frank Zappa utanom der andre er nemnte

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Musikarar

Produksjon

  • Cal Schenkel – omslag, grafisk design
  • Barry Keene – lydteknikar
  • Ferenc Dobronyi – plateomslag
  • Bob Ludwig – teknikar
  • Paul Hof – teknikar
  • Oscar Kergaives – teknikar
  • Brian Krokus – teknikar
  • Mark Aalyson – fotografi
  • Steve Desper – lydteknikar
  • Terry Dunavan – lydteknikar
  • Zach Glickman – marketing
  • Bob Hughes – lydteknikar

Salslister

Album

Billboard (Nord-Amerika)

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon Song, Liste ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads