George Duke

amerikansk komponist og pianist From Wikipedia, the free encyclopedia

George Duke
Remove ads

George Duke (12. januar 19465. august 2013) var ein amerikansk musikar, kjend som keyboardpioner, låtskrivar, songar og produsent innan både jazz og pop. Han arbeidde med mange kjende artistar som arrangør, musikalsk leiar, låtskrivar og medlåtskrivar, produsent og som professor i musikk. Han vart først kjend med albumet The Jean-Luc Ponty Experience with the George Duke Trio. Han var hovudsakleg kjend for litt over 30 soloalbum og for samarbeidet med andre musikarar, særleg Frank Zappa.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Bakgrunn

Duke gjekk på Tamalpais High School i Mill Valley før han tok bachelor i trombone og komposisjon, i tillegg til grunnfag i kontrabass ved San Francisco Conservatory i 1967.[1] Han spelte opphavleg med vener frå garasjar til lokale klubbar og fann raskt vegen til studio som studiomusikar. Han tok seinare mastergrad i komposisjon ved San Francisco State University. Han var òg lærar i jazz og amerikansk kultur ved Merritt College i Oakland.[1]

Karriere

Frå tidleg i 1967 byrja Duke å eksperimentere med jazzfusion, og spelte i lag med fiolinisten Jean-Luc Ponty, i tillegg til Don Ellis Orchestra og bandet til Cannonball Adderley, før han vart kjend med Frank Zappa.[2] Duke spelte på mange Zappa-album gjennom 1970-åra.

Duke var plateprodusent og komponist på to instrumentale spor på Miles Davis-album: «Backyard Ritual» (frå Tutu, 1986) og «Cobra» (frå Amandla, 1989). Han har òg arbeidd med mange kjende brasilianske musikarar, som songaren Milton Nascimento, perkusjonisten Airto Moreira og songaren Flora Purim. Sheila E var med på fleire av soloalbuma til Duke mot slutten av 1970-åra, Don't Let Go og Master of the Game.

Duke var stor innan R&B-sjangeren, og gav ut funky songar som «Reach for It» og «Dukey Stick». I 1979 reiste han til Rio de Janeiro, der han spelte inn albumet A Brazilian Love Affair, i lag med songarane Flora Purim og Milton Nascimento og perkusjonisten Airto Moreira. Albumet inneheld musikk med mange sjangrar, som latinjazz og anna jazz-aktige songar.

Duke arbeidde som musikalsk leiar ved fleire store musikkhendingar, som hyllestkonserten til Nelson Mandela ved Wembley Stadium i London i 1988. I 1989 erstatta han ei kort stund Marcus Miller som musikalsk leiar for kveldsshowet til NBC, Sunday Night.[3] Duke var òg dommar i den andre årlege Independent Music Awards som støtta sjølvstendige artistar.[4]

Duke arbeidde med Jill Scott på det tredje studioalbumet hennar, The Real Thing: Words and Sounds Vol. 3. Sommaren 2011 sette han saman ein trio med David Sanborn og Marcus Miller for ein turné i USA.

Ettermæle

Duke døydde 5. august 2013 i Los Angeles av leukemi. Han var 67 år gammal og hadde to søner, Rashid og John. Han er gravlagd vedForest Lawn Memorial Park.[5]

Songane til Duke har blitt nytta av mange andre artistar innan mange sjangrar. Av desse finn ein «I Love You More», sampla av house-bandet Daft Punk for hitten deira «Digital Love»; «Guilty», sampla av elektronica-artisten Mylo på songen «Guilty of Love» på Destroy Rock & Roll. «For Love», sampla av hiphop-artisten MF Doom på songen «I Hear Voices»; «Someday», sampla av hiphop-artisten Kanye West for Common på «Break My Heart» på hans Finding Forever; «You and Me», sampled og nytta av soul/rhythm and blues og hiphop-produsenten 9th Wonder for samlealbumet hans med Kaze for songen «Spirit Of '94» på albumet Spirit Of '94: Version 9.0; og «Reach for It», sampla av Ice Cube på «True to the Game» på hans Death Certificate. .

Duke vart nominert til ein Grammy for beste jazzsong for After Hours i 1999.[6] Duke vart stemt inn i The SoulMusic Hall Of Fame på SoulMusic.com i desember 2012.[7]

Remove ads

Diskografi

Thumb
Clarke og Duke på konsert.

Som leiar

Meir informasjon Tittel, År ...

1 Gjeve ut på ny som «The Primal» av MPS i 1978.
2 Gjeve ut på ny som «Pacific Jazz» av United Artists i 1978 med ei anna sporliste.
3 Solus vart innspelt i april 1971 og meint som eit enkelt album av SABA, men då SABA vart MPS, valde sjefane å utsetje utgjevinga. Dei gav ut albumet i 1976 som eit dobbeltalbum i lag med MPS-debutplata til Duke kalla The Inner Source. Sistnemnte vart spelt inn i oktober 1971.
4 Spelt inn i 1976 og gjeve ut i 1978 (berre Europa). Gjeve ut i USA (i ein litt anna versjon) som The 1976 Solo Keyboard Album av Epic/CBS i 1982.
5 Spelt inn i 1993 ved Montreaux jazz festival men utgjevinga vart utsett 1996.

Som sidemann

Med Al Jarreau

  • Breakin' Away (Warner Bros. Records 1981)

Med Frank Zappa og The Mothers of Invention

Med Third World

  • Lagos Jump (CBS 1983)
  • Try Jah Love (CBS 1982)

Med The Keynotes

  • Get On That Gospel Train (MPS, 1973)

Med Gene Ammons

  • Brasswind (Prestige, 1974)

Med Billy Cobham

  • Crosswinds (Atlantic, 1974)
  • B.C. (Columbia, 1979)
  • Picture This (GRP, 1987)

Med Eddie Henderson

  • Sunburst (Blue Note, 1975)

Med Alphonse Mouzon

  • The Man Incognito (Blue Note, 1975)

Med Airto Moreira

  • Virgin Land (Salvation, 1974)

Med Flora Purim

  • Stories To Tell (Milestone Records, 1974)
  • Open Your Eyes, You Can Fly (Milestone Records, 1976)
  • That's What She Said (Milestone Records, 1978)
  • Carry On (Warner Bros, 1979)

Med Michael Jackson

  • Off the Wall (Epic, 1979)

Med Jean-Luc Ponty

  • King Kong: Jean-Luc Ponty Plays the Music of Frank Zappa (World Pacific/Liberty, 1970)
  • Individual Choice (Atlantic, 1983)

Med Deniece Williams

  • Let's Hear It For the Boy (Columbia, 1984)
  • Love, Niecy Style (Shanachie, 2007)

Med Miles Davis

  • Tutu (Warner Bros, 1986)
  • Amandla (Warner Bros, 1989)

Med Dianne Reeves

  • Dianne Reeves (Blue Note, 1987)
  • Never Too Far (EMI, 1989)
  • Quiet After the Storm (Blue Note, 1995)
  • Bridges (Blue Note, 1999)
  • In the Moment – Live in Concert (Blue Note, 2000)
  • Beautiful Life (Concord, 2014)

Med John Scofield

  • Loud Jazz (Gramophone, 1988)

Med Chanté Moore

  • Precious (Silas/MCA, 1992)
  • A Love Supreme (Silas/MCA, 1994)
  • Love the Woman (Peak, 2008)

Med Joe Sample

  • Sample This (Warner Bros, 1997)

Med Phil Collins

Med Regina Belle

  • Lazy Afternoon (2004)

Med Teena Marie

  • Congo Square (2009)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads