Over-Nite Sensation
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Over-Nite Sensation er det 17. studioalbumet til Frank Zappa and The Mothers of Invention. Det kom ut 7. september 1973 og vart etterfølgd av soloalbumet til Zappa, Apostrophe (') (1974), som vart innspelt på same tid.
Remove ads
Innspelt
Frank Zappa ønskte å nytte korsongarar på songane «I'm the Slime», «Dirty Love», «Zomby Woof», «Dinah-Moe Humm» og «Montana». Turnémanageren hans foreslo The Ikettes og Ike & Tina Turner vart kontakta. Ike Turner insisterte at Zappa ikkje betalte songarane, inkludert Tina Turner, meir enn 25 dollar per song.[1] Under innspelinga vitja Ike Tina i studio for å høyre ein av innspelingane hennar med Zappa. Ike høyrte på songen og svarte «Kva er denne skiten?» før han drog derfrå.[1] Ike insisterte seinare på at Zappa ikkje skulle omtale Ikettes på albumet.[1]
Innspelinga som produserte Over-Nite Sensation gav òg songane som kom på oppfølgjaren, Apostrophe (') (1974),[1] som vart gjeve ut som eit soloalbum i staden for eit Mothers of Invention-album.
Remove ads
Musikk og tekst
Mange av tekstane på albumet handlar om seksuelt samkvem.[1][2] «Dinah-Moe Humm» skildrar ei kvinne som veddar med forteljaren at han ikkje kan gje ho orgasme, og vert etter kvart tent av å sjå han ha sex med systera hennar.[1] Seksualitet er ikkje det einaste fokuset på albumet. «I'm the Slime» kritiserer fjernsynsshow, som vert skildra som «vile and pernicious» («skammelege og fordervelege») og hjernevaskar sjåarane til å ete maten dei reklamerer for i reklamane sine og formar dei til å tru det styresmaktene vil dei skal tru.[1] «Montana» handlar om å flytte til Montana for å dyrke tanntråd.[1]
Musikken på Over-Nite Sensation er ei blanding av rock, jazz og pop.[2] «Zomby Woof» har blitt skildra som «ein heavy metal-hybrid av Louis Jordan og Fats Waller».[2]
Remove ads
Omslag
Omslaget vart laga av Dave McMacken som eit slags surrealistisk Salvador Dalí-bilete som skildrar ein to-hovuda mann som sit på ei vass-seng på eit hotellrom på Holiday Inn omgjeve av forskjellige ting som eit Mothers backstage pass og eit fjernsyn som syner andletet til Zappa medan det strøymer slim ut. Heile måleriet er synt i ei rame som syner mange seksuelle handlingar.
Mottaking
Albumet fekk blanda kritikk på grunn av tekstinnhaldet, som mange kritikarane meinte var barnslege.[2] Rolling Stone mislikte albumet og skildra Zappa som ein «oppbrukt», og sa at den beste musikken hans vart spelt med tidlegare utgåver av the Mothers.[2] New Musical Express sa at albumet «ikkje er eit av dei beste Frank har gjort».[2] Robert Christgau gav albumet ein C, og spurte «kvar er det seriøse hen?»[4]
Kritikarane er i dag mykje meir positive og Steve Huey frå Allmusic skreiv «Elsk det eller hat det, Over-Nite Sensation var eit vasskilje for Frank Zappa, punktet der post-60-talsestetikken hans verkeleg vart grunnlagd».[3] Kelly Fisher Lowe skreiv i The Words and Music of Frank Zappa, at «Over-Nite og Apostrophe (') er viktige [...] fordi dei vender attende til Mothers of Invention-formatet og er så nært eit tradisjonelt popalbum som Zappa nokon gong kom».[2]
Remove ads
Ettermæle
Over-Nite Sensation (1973) og Apostrophe (') (1974) har fått ein episode i dokumentarserien Classic Albums frå Eagle Rock Entertainment, som kom på DVD 1. mai 2007.
Linjene «She was buns-up kneelin' / Buns up! / I was wheelin an' dealin'» frå «Dinah-Moe Humm» er sitert (som «So there she was / buns up and kneelin' / I was wheelin' and a-dealin'») på 'Girl Keeps Coming Apart', på Aerosmith-albumet Permanent Vacation.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Frank Zappa
Medverkande
- Musikarar
- Frank Zappa – gitar, vokal på alle spor utanom «Fifty-Fifty» og det meste av «Zomby Woof»
- Kin Vassy – vokal på «I'm the Slime», «Dinah-Moe Humm» og «Montana»
- Ricky Lancelotti – vokal på «Fifty-Fifty» og «Zomby Woof»
- Sal Marquez – trompet, vokal på «Dinah-Moe Humm»
- Ian Underwood – klarinett, fløyte, altsaksofon, tenorsaksofon
- Bruce Fowler – trombone
- Ruth Underwood – perkusjon, marimba, vibrafon
- Jean-Luc Ponty – fiolin, barytonfiolin
- George Duke – synthesizer, klaverinstrument
- Tom Fowler – bass
- Ralph Humphrey – trommer
- Tina Turner and the Ikettes – dialogvokal (ikkje oppført på omslaget)
- Produksjon
- Produsent: Frank Zappa
- Lydteknikarar: Fred Borkgren, Steve Desper, Terry Dunavan, Barry Keene, Bob Stone
- Miksing: Kerry McNabb
- Arrangør: Frank Zappa
- Teknikar: Paul Hof
- Plateomslag: Ferenc Dobronyi
Remove ads
Salslister
Album - Billboard (Nord-Amerika)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads