Apurímac

From Wikipedia, the free encyclopedia

Apurímac
Remove ads

Apurímac (spansk Río Apurímac), apu=guddom rimac=orakel, talsmann), er ei elv som har si kjelde frå smeltevatn av isbre ved Nevado Mismi, eit 5 597 meter høgt fjell i Arequipa-regionen i sørlege Peru.

Kjappe fakta Land, Lengd ...

Med vatn frå Nevado Mismi gjer Apurímac dermed Amazonaselva til verdas lengste elvesystem. Dei mest fjerne kjeldene er ca. 40 km frå byen Chivay i Colcadalen og mindre enn 160 km frå kysten av Stillehavet.

Thumb
Apurímac, ikkje langt frå Choquequirao.
Foto: Bryan Dougherty

Apurímac renn stort sett i retning nordvest og passerer om lag 50 km sør for Cuzco i eit svært djupt og trongt dalføre med mange stryk og fossar. Elva er mange stader så strid at det skal berre finnast to som har klart å padle elva i heile lengda. Etter 730 km flyt Apurímac saman med Mantaro og dannar Ene, framleis i retning nordvest, (12°15′46″S 73°58′44″W), 440 moh. Etter nye 125 km renn ho saman med elva Perené på 330 moh., no vert ho Tambo og snur mot aust og nord og møter Urubamba på 280 moh. der ho endeleg vert Ucayali, ei av hovudsideelvane til Amazonas. Somme reknar òg med Ene og Tambo ned til Ucayali som Apurímac med ei total lengd på 1 069 km.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads