Ar'arat an-Naqab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ar'arat an-Naqab
Remove ads

Ar'arat an-Naqab eller Ar'ara BaNegev (hebraisk skrift עַרְעָרָה בַּנֶּגֶב, arabisk عرعرة), tidlegare kalla Aroer,[2] is a beduin town (lokal kommune) i Det sørlege distriktet i Israel. Namnet står for «einebærbusken[3] i Negev». Han ligg ikkje langt frå den arkeologiske staden Aroer.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Ar'arat an-Naqab vart grunnlagd i 1982 som ein del av eit statleg prosjekt om å få beduinar til å busetje seg i permanente hus. Han er ein av sju beduinske busetnader i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur, i tillegg til Hura, Lakiya, Shaqib al-Salam (Segev Shalom), Kuseife (Kseife), Tel as-Sabi (Tel-Sheva) og byen Rahat, som er den største av dei.[4]

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet Ar'arat an-Naqab på 13 623 i 2011.[1]

Remove ads

Historie

Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[5]

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[5]

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[5]

Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.[6]

Remove ads

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads