Kuseife
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kuseife (hebraisk skrift כְּסֵיפָה, Kseifa; arabisk كسيفة) er ein beduinby (lokal kommune) i Det sørlege distriktet i Israel. Kuseife vart grunnlagd i 1982 so ein del av eit statleg prosjekt for å få permanente bustader til beduinane. I 1996 fekk staden status som lokal kommune.
Han er ein av sju beduinkommunar i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur. Dei seks andre er Hura, Lakiya, Ar'arat an-Naqab (Ar'ara BaNegev), Shaqib al-Salam (Segev Shalom), Tel as-Sabi (Tel-Sheva) og byen Rahat, den største av dei.[3]
Medlemmar av fleire beduinfamiliar bur i Kuseife: Abu Ajaj, Elamor, el-Zabarka, el-Nasasra, den største av dei Abu-Rabia. Andre familiar er Azbarga, El-Dada, Abu Juda og Abu Anam.
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Kuseife 17 400 i desember 2010[1].
Remove ads
Historie
Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[4]
Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[4]
Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[4]
Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.[5]
Remove ads
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads