Rahat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rahat
Remove ads

Rahat (arabisk رهط, hebraisk skrift רַהַט) er ein hovudsakleg beduinsk by i Det sørlege distriktet i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han i desember 2011 eit folketal på 54 882[1][3] Han er dermed den største beduin-busetnaden i verda, og den einaste i Israel som har bystatus.

Thumb
Dromedar ved Rahat.
Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Han er ein av sju beduin-busetnader i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur, i lag med Hura, Tel as-Sabi (Tel Sheva), Ar'arat an-Naqab (Ar'ara BaNegev), Lakiya, Kuseife (Kseife) og Shaqib al-Salam (Segev Shalom).[4]

Byen har i alt 33 bydelar. Alle utan om ein bydel består av heilt fråskilde beduin-klanar. Mellom kvar bydel er det ein wadi. Byen har òg ein marknad, offentlege og kommersielle tenester, parkar og offentlege område og fleire moskéar.[5][6]

Remove ads

Historie

Thumb
Arkeologisk stad i Rahat, 1600 år gammalt.
Thumb
Nabolag og hovudmoskeen i Rahat.

Regionen kring byen er formelt eigd av Al-Tayaha-stamma (Al-Hezeel-klanen) og fram til 1972 vart byen kalla Al-Hezeel (arabisk الهزيل) før han endra namn.

I 1972 vart Rahat rekna som ein ny busetnad for beduinar som budde i området utan permanent bustad. Fram til 1980 var Rahat ein del av Bnei Shimon regionale kommune og frå då og fram til 1994 var han ein lokal kommune. I 1994 vart han den første beduinbyen i Israel som fekk bystatus.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads