Dvergara

art av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Dvergara
Remove ads

Dvergara (Diopsittaca nobilis) er ein neotropisk papegøye. Han har omtrent same storleik som Aratinga-parakittane. Dvergaraen høyrer heime i tropisk lågland, på savannar og våte habitat i Brasil, Guyana, Bolivia, Venezuela og søraustlege Peru.

Kjappe fakta

Dvergaraer blir ofte avla i fangenskap for burfuglhandelen, der dei nokre gonger blir skildra som miniatyr-araer. Sjølv om ville populasjonar av dvergaraer har gått ned lokalt på grunn av tap av habitat, er dei oppførte som livskraftig, LC, av Verdas naturvernunion, IUCN. Dei er oppførte på Vedlegg II av CITES, med handelsavgrensingar.

Remove ads

Taksonomi

Dvergara vart formelt skildra i 1758 av Carl von Linné i den tiande utgåva av Systema Naturae. Linné plasserte arten saman med alle andre papegøyar i slekta Psittacus og skapte det binomiale namnet Psittacus nobilis. Dvergara er no den einaste arten i slekta Diopsittaca, introdusert i 1912 av den amerikanske ornitologen Robert Ridgway.[1] Slektsnamnet kombinerer det gamle greske dios som betyr «edel» med psittakē som betyr «papegøye». Det spesifikke epitetet nobilis er latin og betyr «edel».[2]

Samnamnet «ara» på norsk og «macaw» på engelsk kjem av at arten nokre gonger vart inkludert i slekta Ara, då ein trudde han var nært i slekt med «ekte» araer.[3]

Underartar av dvergara, Diopsittaca nobilis, (Linnaeus, 1758), etter IOC-lista versjon 14.1, 2024:[4]

  • D. n. nobilis, (Linnaeus, 1758), austre Venezuela, Guyana-landa og nordaustlegaste Brasil
  • D. n. cumanensis, (Lichtenstein, MHC, 1823), Brasil sør for Amazonas
  • D. n. longipennis, Neumann, 1931, sentrale, sørlege Brasil, nordlege Bolivia, litt inn i søraustlegaste Peru

I HBW-taksonomien som Birdlife International nyttar, er Diopsittaca ei slekt med to artar, ein nordleg og ein sørleg art. Den sørlege arten har vitskapleg namn Diopsittaca cumanensis med to underartar.[5]

Remove ads

Skildring

Dvergara, med ei lengd på 30–33 cm og veg i området 130–170 gram er ein mellomstor til stor grøn papegøye. Som araer har han ein lang, smal hale og stort hovud med kvit, berr hud rundt auga og på kinnet. Han har skiferblå fargeskjær i panne og framhovud. Vengene og halen har fjører som er lysegrøne på oversida og olivengrøne under. Vengeknoken har raude fjører. Augeringen deira er oransje. Dvergara i nord kan skiljast frå dvergara i sør ved at han har ein svart overkjeve. I sør har dvergara ein lysare, hornfarga overkjeve.

Dvergaraer lever i varierte habitatstypar som savannar, cerrado og sumpområder med ulike artar av palmetre. Dei kan også finnast i galleriskog, gjenvaksen skog, sparsam caatinga-skog og dyrka område nær skog. Denne arten har vorte observert i høgder mellom havnivå og 1400 meter over havet.[6]

Lætet deira liknar meir på skrik enn på plystring.

Dvergara byggjer reir i eit holt tre, vanlegvis ein levande palme. Det er vanlegvis tre eller fire kvite egg i kullet. Hoa rugar eggene i omtrent 24 dagar, og ungane forlèt reiret omtrent 60 dagar etter klekking.[6]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads