Attention av Ulrikke Brandstorp
norsk popsong frå 2020 med Ulrikke Brandstorp From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Attention» (norsk omsetjing 'merksemd') er ein norsk popballade frå 2020 som er skriven av Christian Ingebrigtsen, Kjetil Mørland og Ulrikke Brandstorp. Den vert framført av Ulrikke Brandstorp, og vann Melodi Grand Prix 2020. Songen skulle ha vore det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2.[1] «Attention» er den andre Melodi Grand Prix-vinnaren som ikkje har representert Noreg i Eurovision Song Contest; den andre er «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg», vinnaren av Melodi Grand Prix 1968.
Remove ads
Om songen
Vokalisten og den eine låtskrivaren til «Attention», Ulrikke Brandstorp, møtte musikaren Christian Ingebrigtsen under ei sending av Allsang på Grensen sommaren 2019. Via Ingebrigtsen vart Brandstorp òg kjend med låtskrivar og songar Kjetil Mørland. Dei tre gjekk i studio saman og skreiv popballaden «Attention».[2]
Melodi Grand Prix
Låtskrivarane sende songen til Melodi Grand Prix hausten 2019, og blant rundt 800 bidrag plukka NRK han ut til å deltake i finalen 15. februar 2020.[3] Songen vart offentleggjord og utgjeven 31. januar 2020 på Brandstorp sitt eige selskap, Ulrikke Records.[4][5]
Alle tre låtskrivarane har delteke i Melodi Grand Prix tidlegare: Ingebrigtsen kom på andreplass med bandet A1 i 2010, Brandstorp kom på fjerdeplass i 2017 med låten «Places», medan Mørland vann tevlinga i 2015 med låten «A Monster Like Me».[6] Songen enda på ein åttendeplass i Eurovision Song Contest i Wien same år.[7] Ingebrigtsen og Mørland har i tillegg skrive fleire bidrag for andre artistar i tevlinga.
Før finalen i Melodi Grand Prix i Trondheim Spektrum var songen storfavoritt til å vinne.[8][9] Men under fyrste røysterunde braut nettavstemminga saman, og ein reservejury på 30 personar valde «Attention» og tre andre songar til gullfinalen. Bruken av reservejuryen førte seinare til store protestar frå sjåarar, deltakarar og presse. I gullfinalen fekk NRK likevel røystesystemet til å fungere igjen, og songen vann til slutt gullduellen med rundt 5700 røyster meir enn andreplassen «Pray for Me» med Kristin Husøy.[10][11]
Eurovision Song Contest
Med sigeren i Melodi Grand Prix vart «Attention» det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2020. I januar 2020 vart Noreg trekt til å delta i andre halvdel av den fyrste semifinalen. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai, men 18. mars avlyste EBU Eurovision Song Contest for å hindra spreiinga av viruset SARS-CoV-19 i Europa.[12] «Attention» vart dimed den andre Melodi Grand Prix-vinnaren i historia som ikkje fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest. Førre gong det skjedde var i 1968, då vinnarsongen «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» vart trekt på grunn av mistankar om plagiat. I staden fekk andreplassen «Stress» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1968.
Songteksta
Ifølgje Brandstorp er songen «som et spørsmål». Han spør kvifor ein gjer rare ting for å få merksemda til eit anna menneske, og kvifor ein forandrar seg for kjærleiken. «Det er absolutt en del av meg selv i sangen. Jeg har opplevd det sangen handler om», sa Brandstorp i eit intervju med Dagsavisen i januar 2020.[2]
Remove ads
Sporliste
Listeplasseringar
Sertifiseringer
I april 2020 vart «Attention» sertifisert med gulltrofé i Noreg, og i mars 2021 vart han tildelt platina.
Utgjevingshistorikk
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads