Ulrikke Brandstorp

norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Ulrikke Brandstorp
Remove ads

Ulrikke Brandstorp (fødd 13. juli 1995 i Skjeberg) er ein norsk songar og musikalartist. Ho deltok i Idol i 2013 og vart nummer to i Stjernekamp i 2018. Ho har òg delteke i Melodi Grand Prix 2017 med songen «Places» og deltok på nytt i 2020 og vann med låten «Attention». Brandstorp skulle ha representert Noreg i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020. I desember same år vann ho den fyrste sesongen av NRK-tevlinga Maskorama. Der deltok ho som figuren «Trollet».[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Brandstorp har drive med song og musikk sidan ho var barn. Ho spelte i fleire lokale oppsetjingar av Pippi Langstrømpe og Reisa til Julestjernen. I 2011–2013 var ho òg på noregsturné med showa The Show Must Go On II» og The Thrill of Michael Jackson.[2]

Talenttevlingar og musikalar

Brandstorp deltok i Idol i 2013, og sidan i The Voice i 2015, med Hanne Sørvaag som mentor.[3] Der vart ho slått ut i semifinalen.[4][5] Brandstorp deltok sidan i Stjernekamp hausten 2018. Der enda ho på andreplass, berre slått av Ella Marie Hætta Isaksen.[6]

I 2019 spela ho rolla som Liesl, den eldste dottera i Von Trapp-familien, i Sound of MusicFolketeateret i Oslo.[7][8] Same sommar fekk ho viss merksemd i Noreg då ho song «Shallow» saman med Ben AdamsAllsang på Grensa.[9][10]

Melodi Grand Prix

Brandstorp har delteke i Meldodi Grand Prix to gongar. I 2017 deltok ho med songen «Places» og enda på fjerdeplass. I 2020 deltok ho med låten «Attention» og vann.[10] Gjennom sigeren i Melodi Grand Prix skulle Brandstorp ha representert Noreg i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[11] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[12][13]

Maskorama

Hausten 2020 sendte NRK sin fyrste sesong av underhaldningsprogrammet Maskorama. I programmet syng kjende personar, mens dei er ikledd kostyme og masker. Ingen veit kva for ein kjendis som gløymer seg bak maska, og eit kjendispanel skal saman med sjåarane gjette seg fram til kva for nokre kjendisar som deltek. Tevlinga fekk stor merksemd, og Brandstorp vart hyppig trekt fram som ein mogleg deltakar.[14][15][16] Etter seks veker gjekk finalen av stabelen 12. desember. Vinnaren vart «Trollet», som viste seg å vere Ulrikke Brandstorp. Dette var andre gongen på under eitt år at Brandstorp vann ei NRK-tevling.[1][17]

Remove ads

Diskografi

Singlar

  • «Play With» (2017)
  • «Places» (2017)
  • «Sick of Love» (2017)
  • «Careless» (2018)
  • «Time is Precious» (2018)
  • «Cry» (2019)
  • «Shallow» (2019) (med Ben Adams)
  • «Attention» (2020)
  • «What Would You Do for Love» (2020)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads