Azraq

From Wikipedia, the free encyclopedia

Azraq
Remove ads

Azraq (arabisk الأزرق, tyder «den blå») er ein liten by i Zarqa guvernement sentralt i det austlege Jordan, 100 km aust for Amman. Folketalet i Azraq var 9021 innbyggjarar i 2004.[1] Shaheed Mwaffaq flybase ligg i Azraq.

Kjappe fakta Land, guvernement ...
Remove ads

Historie

Thumb
Eit jordanske F-16 landar på Muwaffaq Salti flybase i Azraq.
Thumb
Thumb
Azraqborga

Azraq har lenge vore ein viktig busetnad i eit øyde og no tørt ørkenområde i Jordan. Den strategiske verdien av byen og borga (Qasr Azraq) er at han ligg midt i Azraq-oasen, den einaste permanente ferskvasskjelda i kring 12 000 kvadratkilometer med ørken.

Byen ligg langs ei stor ørkenrute, som vart nytta til handel i regionen. Azraq-oasen har ei lang historie som byrja i nedre eldre steinalder. Mange eldre steinalderstader er dokumentert i Azraq våtmarksreservat. Under epipaleolittisk tid var det òg busetnad i oasen. I nabateisk tid var det òg folk som budde her. Qasr Azraq vart bygd av romarane på 200-talet evt., og vart kraftig ombygd i mellomalderen av mamelukkane. I omajade-tida vart det bygd eit vassreservoar sør i Azraq. Under arabaropprøret tidleg på 1900-talet var Qasr Azraq ein viktig base for T.E. Lawrence.

I området nær Azraq-oasen er det funne hundrevis av geoglyfar, store hjulforma strukturar av stein som er datert minst 2 000 år attende. Desse strukturane er ofte funnen på lavasletter og varierer frå 25 til 70 meter på tvers. Arkeologar trur at hjula i Azraq-oasen er nytta som gravplassar, men det er no drege i tvil.[2]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads