Zarqa guvernement

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zarqa guvernement
Remove ads

Zarqa guvernement (arabisk محافظة الزرقاء, romanisert Muħāfazat az-Zarqāʾ, lokale dialektar ez-Zergā eller ez-Zer'a) er det tredje største guvernementet i Jordan etter folketal. Det administrative senteret og den største byen i Zarqa guvernement er byen Zarqa. Han ligg 25 km aust for den jordanske hovudstaen Amman. Den nest størte byen i guvernement er Russeifa.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

I Zarqa guvernement ligg dei største militær- og flybasane i Jordan.

Remove ads

Historie

Området som Zarqa guvernement dekkjer har vore busett sidan bronsealderen, mellom anna av ammonittane og nabatearane, som bygde fortet kalla Qasr al Hallabat, som òg vart nytta som fort av romarane, og så som ørkenpalass av omajadane. Dei viktigaste historiske stadane er ørkenpalassa til omajadane, som Qasr Amra på verdsarvlista, Qasr al Hallabat, Qasr Shabib i sentrum av Zarqa, i tillegg til Azraqborga.

Etter dei osmanske tyrkarane bygde Hedjaz-banen i byrjinga av 1900-åra, vart Zarqa eit strategisk trafikknutepunkt mellom Damaskus og Medina, og byane langs banen byrja å vekse. Den arabiske legionen frå Jordan, leia av Glubb Pasha, hadde hovudbasen sin i Zarqa.

Remove ads

Geografi

Zarqa guvernement grensar til Mafraq guvernement i nord og nordaust, Amman guvernement i sør og sørvest, Jerash og Balqa guvernement i vest. Det grensar òg til Saudi-Arabia heilt søraust. Det meste av guvernementet består av Den syriske ørkenen og er tett folkesett. Dei to byane Zarqa og Russeifa er høvesvis den nest og fjerde største i Jordan.

Demografi

Folketeljinga i 2004 syner at folketalet i Zarqa guvernement var 727 268. Jordansk statistikkdepartement estimerte at folketalet i 2010 var 910 800.[1]

Administrativ inndeling

Zarqa guvernement er delt inn i tre departement:

Meir informasjon Nahiya, Arabisk namn ...

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads