Barbareskkysten

From Wikipedia, the free encyclopedia

Barbareskkysten
Remove ads

Barbareskkysten var namnet som vart gjeve til middelhavskysten av Nord-Afrika1800-talet, hovudsakleg området som vert avgrensa av dagens Marokko, Algerie, Tunisia og Libya.[1] Berbarfolket har gjeve namn til området.[1] I området rundt Middelhavet oppstod fleire viktige samfunn av grekarar, romarar, fønikarar og berberar, imazighen.

Thumb
Kart frå 1600-talet av Jan Janssonius som viser Barbareskkysten, her skrive «Barbaria»

Sjølv om Barbareskkysten vart rekna for å vere ei språkleg eining, språket var 'berbar' (tamazight), var det i oldtida aldri ei politisk eining. Etter at islam hadde gjort inntoget sitt hadde dei ulike områda ein felles grunn til å sameinast, og slik kunne almohadane samle regionen under styret sitt. Dette dynastiet av imazighen herska òg over Spania (sjå maurarane).

Barbareskkaparane hadde eit dårleg rykte i Europa, desse sjørøvarane utførte raid i Middelhavet og store delar av Atlanterhavet opp til Island. Slavane dei tok, europearar og afrikanarar, vart selde på slavemarknader på Barbareskkysten.

Frå 1600-talet arrangerte europeiske handelsmakter straffe-ekspedisjonar for å slå desse kaparane. Den nederlandske sjøfararen Michiel Adriaenszoon de Ruyter var blant anna kjent som kaparjegar. I løpet av 1700-talet vart barbareskkaparane utrydda ved at stadane dei heldt i stor grad vart øydelagde av europeiske straffeekspedisjonar.

Det lukkast osmanarane å herske langs store delar av Barbareskkysten (Tamazgha), noko som òg medverka til å redusere kaparfarten. Berre den vestlege delen av dagens Marokko var utanom Det osmanske riket.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads