Berbiske språk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Berbiske språk (tamazight: tutlayin timaziɣin, skreve med tifinagh: ⵜⵓⵜⵍⴰⵢⵉⵏ ⵜⵉⵎⴰⵣⵉⵖⵉⵏ, fransk: langues berbères) er ei språkgruppe som høyrer inn under afroasiatiske språk. Dei ymse tamazightiske språka vert tala over heile Maghreb, frå Kanariøyane (no utd.) i vest, til Egypt i aust og Burkina Faso i sør.
I Europa vart ordet «berbar» ofte nytta.[1] Dette ordet stammar frå det greske ordet bárbaroi βάρβαροι, som opphavleg tydde utlending som tala eit uskjøneleg språk, men som etter kvart kom til å tyda ein ukulturert og/eller ukunnig person. Under romersk okkupasjon av Nord-Afrika vart ordet bárbaroi latinisert, til barbari. Då arabarane innvaderte Magreb, arabiserte dei ordet til al-barbar البربر, noko som franskmennene igjen galloiserte til berbères då dei okkuperte området.[treng kjelde]
Det er om lag 20–30 ulike språk i denne gruppa (litt etter korleis ein reknar), som for det meste ikkje er innbyrdes forståelege.
Remove ads
Klassifisering av berbiske språk


Å klassifisere dei individuelle tamazightiske språka er ikkje lett, noko som har gjeve seg utslag i at klassifiseringa har variert ein god del det siste hundreåret. For tida verkar det som det er rimeleg semje om følgjande klassifisering:
- Nordlege tamazightiske språk
- Kabylsk (Taqbaylit)
- Marokkanske Atlas-tamazightiske språk
- Zenatisk
- Nefusa-Siwa-språk (austlege)
- Siwisk
- Awjila-Soknaiske språk
- Ghadames-Awjila-språk
- Tuareg-språk
- Zenaga-språk
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads