Beer Ajam

From Wikipedia, the free encyclopedia

Beer Ajam
Remove ads

Beer Ajam (arabisk بئر عجم|بئر عجم, òg skrive Bir Ajam) er ein syrisk-tjerkessisk landsby i Quneitra guvernement i den syrisk-kontrollerte delen av Golanhøgdene. Han har vore busett i kring 150 år. Dei første husa her vart bygde i 1872. Av stader i nærleiken finn ein Quneitra i nord, Naba al-Sakhr i nordaust, al-Harra i aust, Namer i søraust og Bariqa i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde Beer Ajam eit folketal på 353 i 2004.[1] Innbyggjarane er tjerkessarar frå abadzekh- og kebertei-folka, og alle er sunnimuslimar.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Seint på 1800-talet vart Beer Ajam skildr som ein stor og velståande tjerkessisk landsby med 80 hytteliknande hus og totalt 340 innbyggjarar. Han var bygd i fråskilde delar med kjelder i nord og eit tjern i sør.[2]

Forflytting og oppbygging

Landsbyen vart fråflytta i nesten 10 år etter Israel okkuperte Golanhøgdene etter seksdagarskrigen i 1967. Delen av Golan der denne landsbyen ligg, vart teken attende av Syria etter Yom Kippur-krigen i 1973, sjølv om innbyggjarane ikkje flytta attende før mot slutten av 1970-åra.

Staten bygde nye hus nord i landsbyen i 1986 for å oppfordre folk om å vende attende. Halvparten av husa står likevel tomme. Nybygginga omfatta òg andre landsbyar i området.

Remove ads

Demografi

Den gamle landsbyen

Dei permanente innbyggjarane i landsbyen er kring 400 tjerkessarar. Det er estimert at dette berre er ein fjerdedel av det det burde ha vore, og at resten i dag bur i hovudstaden eller diasporaen. Kjønnsfordelinga er 55 % menn og 45 % kvinner. Kring 40 % av innbyggjarane har tilgang til ein datamaskin. Den gjennomsnittlege månadsløna for ein familie er kring 300 euro.

Om sommaren vitjar mange turistar landsbyen, og folketalet kan då tredoblast. Mange kjem for å vitje slektningar, og kjem ofte frå andre landsbyar i området eller frå dei israelskkontrollerte områda av Golanhøgdene.

Thumb
Landskap med Hermon i horisonten.
Remove ads

Natur og dyreliv

Klimaet er moderat om sommaren og kaldt om vinteren. Landsbyen er omgjeve av skogar, der eik, butm, azaapop, villfersken og pæretre er dei vanlegaste treslaga. Av dyreliv finn ein rev og sjakal, villgris, ville gharbra og andre, i tillegg til eit rikt fugleliv.

Landbruk

Vegen til Barika.

Landbruket er fokusert på oliventre, druer, mandlar og blomsterkransar.

Den syriske borgarkrigen

Den 4. november 2012 hevda det israelske forsvaret at tre stridsvogner frå den syriske hæren gjekk inn i Beer Ajam i ein operasjon mot opprørarar som prøvde å styrte den syriske regjeringa til Bashar al-Assad som ein del av den syriske borgarkrigen. Israel sende ein formell klage til fredsstyrkane i Dei sameinte nasjonane som opprettheld den israelsk-syriske våpenkvilen i Golanhøgdene. Den påståtte operasjonen var i så fall den første militære operasjonen i Beer Ajam sidan 1973.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads