Before the Party’s Over
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Before the Party's Over» (norsk omsetjing 'før festen er over') er ein popsong som blir framført av den belgiske songaren Mustii[4]. Songen blei gjeven ut 20. februar 2024 og var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Remove ads
Om songen
«Before the Party's Over» er komponert og skriven av Mustii sjølv, saman med Pierre Dumoulin, Benoit Leclercq, Nina Sampermans, Arianna D'amato, Alloysius Lloyd og Charlotte Clark.[5] Saman med artisten blei songen internt vald av kringkastaren Radio-télévision belge de la Communauté française (RTBF) til å representere Belgia i Eurovision Song Contest 2024. Kunngjeringa av artist blei gjord 30. august 2024, medan «Before the Party's Over» først blei kunngjord i februar 2024.[6]
Songen hadde premiere 20. februar 2024 på det belgiske radioprogrammet Le 8/9.[7][5] Seinare same dag blei songen og musikkvideoen slopne på YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest.
«Before the Party’s Over» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der enda han på 13.-plass av 16 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai.[8]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads