Begnavassdraget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Begnavassdraget dekkjer eit areal på 4875 km² og er ein del av Drammensvassdraget. Hovudelva Begna er 213 km lang og har ein høgdeforskjel på ca. 1850 m. Begna renn i sørleg retning frå Filefjell, gjennom Valdres og innsjøane Vangsmjøsi, Slidrefjorden, Strondafjorden og Aurdalsfjorden, ned Begnadalen til Nes i Ådal og innsjøen Sperillen via Ådalselva og vidare ned til Hønefoss, der ho renn saman med Randselva og dannar Storelva som renn ut i Tyrifjorden. Derfrå renn vassdraget ut i Drammenselva. Normal vassføring ved utløpet av Sperillen er på 88 m3/s.

Foto:
Tom Bjørnstad
Remove ads
Kraftverk i Begnavassdraget
- Bagn kraftverk
- Eid kraftverk
- Faslefoss kraftverk
- Fossheimfoss kraftverk
- Kalvedalen kraftverk
- Lomen kraftverk
- Ylja kraftverk
- Åbjøra kraftverk
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Begnavassdraget» henta frå Wikipedia på bokmål 6. juli 2007.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads