Below the Salt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Below the Salt er det fjerde studioalbumet til Steeleye Span og det første etter dei fekk kontrakt med selskapet Chrysalis. Bandet blandar musikk frå mellomalderen med britisk folkrock. Bob Johnson og Rick Kemp spelte med bandet for første gongen på dette albumet.[1] No hadde Ashley Hutchings slutta i bandet, og Tim Hart og Maddy Prior var dei einaste originale medlemmane som var att.
Albumet vart spelt inn i mai og juni 1972 i Sound Techniques i Chelsea i London.[2] Songane vart valde ut av Hart og Prior, men det var Johnsom som føreslo å spele julehitten deira, «Gaudete». Dei produserte albumet på eiga hand, etter at dei ikkje klarte å finne ein erstattar for Sandy Roberton, som hadde produsert dei førre albuma.[3]
«Gaudete» vart den første hitten til bandet og nådde 14. plassen på den britiske singellista. For å gje eit inntrykk av at korsongarane nærma seg og så forsvann bort, nytta dei ei lang inntoning og uttoning på albumet.[3] Singelutgåva hadde ikkje desse inn- og uttoningane.
Sjølve albumet nådde 43. plassen på den britiske albumlista.[4]
Remove ads
Innhald
Alle songane på albumet er tradisjonelle, tilpassa av Steeleye Span.
Remove ads
Medverkande
- Maddy Prior - vokal
- Tim Hart - vokal, appalachian dulcimer, gitar
- Peter Knight - fiolin, bratsj, mandolin, banjo, piano, vokal
- Rick Kemp - bass, tromme, vokal
- Bob Johnson - gitar, vokal
- Teknisk
- Produsent: Steeleye Span, Jerry Boys
- Lydteknikar: Jerry Boys
- Design og kunstnarisk leiar - Grahame Berney
- Notat i omslaget - Tim Hart
- Fotografi: Harri Peccinotti
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads