Bob Johnson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robert Johnson (fødd 18. mars 1944) er ein britisk gitarist. Han var tidlegare medlem i det britiske folkrockbandet Steeleye Span frå 1972 til 1977, og igjen frå 1980 til 2001.
Johnson spelte akustisk og elektrisk gitar og song på albumet til Roger Nicholson i 1972, Nonesuch for Dulcimer, då omtalt som Robert Johnson. Han vart så medlem av det engelske folkrockbandet Steeleye Span i 1972, etter å ha blitt kjend med spelemannen Peter Knight.
Johnson spelte på det fjerde albumet til gruppa, Below the Salt, der han song solovokal på songen «King Henry». I lag med «King Henry» introduserte han mange av dei meir kjende songane deira, som «Thomas the Rhymer», «Alison Gross», «Long Lankin» og «Gaudete».[1]
Trass i at han song på fleire av songane deira, var han eit noko mindre viktig medlem i bandet. Johnson slutta i Steeleye Span for ei stund i 1977 for å arbeide på eit konseptalbum, The King of Elfland's Daughter, i lag med Peter Knight. Han kom attende i 1980 for å spele inn Sails of Silver. Etter Tim Hart slutta i bandet i 1980, vart Johnson den einaste gitaristen i bandet og tok ei viktigare rolle.
På grunn av helsa si, slutta Johnson i Steeleye Span i 2000, men kom attende året etter for å spele inn Present--The Very Best of Steeleye Span. Han kunne derimot ikkje vere på turnéar og vart errstatta av Ken Nicol. Han har likevel vore involvert i bandet og har skrive somme songar og sunge på seinare studioalbum, som Wintersmith i 2013.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads