Benefit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Benefit er det tredje studioalbumet til den britiske rockegruppa Jethro Tull, utgjeve i april 1970. Det var det første Tull-albumet med pianisten og organisten John Evan, men han var ikkje enno permanent medlem av gruppa. Det var òg det siste albumet med bassgitaristen Glenn Cornick. Det vart spelt inn i det same studioet som det førre albumet, men bandet eksperimenterte meir med avanserte innspelingsteknikkar.[1]

Meir informasjon Jethro Tull-kronologi, Singlar frå ...

Albumet nådde tredjeplassen på den britiske albumlista.[2]

Frontman Ian Anderson sa at Benefit er mykje mørkare enn føregangaren Stand Up, inspirert av slitet under ein lang amerikansk turné dei hadde hatt og frustrasjon kring musikkindustrien.[3]

Remove ads

Production

Gitaristen Martin Barre sa at Benefit var langt enklare å spele inn enn det førre albumet, sidan suksessen med Stand Up gav musikarane større kunstnarisk fridom.[4]

Benefit nytta studioteknikkar som baklengs innspeling (fløyte- og piano på «With You There to Help Me») og manipulere farten på lydbandet (gitar på «Play in Time»). I eit intervju frå 1970 sa Anderson at med klaverspelaren John Evan i studio hadde bandet endra stilen sin: «John har lagt til ein ny musikalsk dimensjon og eg kan skrive mykje meir fritt no. Alt er faktisk mogeleg med han på klaver.».[5]

Remove ads

Musikkstil

Ian Anderson sa at Benefit var eit «gitarriff»-album, og spelt inn i eit år då artistar som Cream, Jimi Hendrix og Led Zeppelin vart meir riff-orienterte. Anderson sa òg at Benefit er «eit heller mørkt og nakent album, men nokre av songane på det er ganske bra. Eg syns ikkje det har breidda, variasjonen eller detaljane som Stand Up har. Men det var ei utvikling i forhold til at bandet spelte som 'eit band'.»[6]

I følgje Martin Barre var «To Cry You a Song» eit svar til Blind Faith sin «Had to Cry Today», «men du kan ikkje samanlikne dei to. Me stal ingenting. Riffet kryssar over linja eit par stader og Ian og eg spelte kvar sin gitar. Det var meir eller mindre live i studio med eit par ekstra lydspor og ein solo. Ian spelte på min Gibson SG og eg spelte på ein Les Paul[7]

På dette albumet var stilen deira meir forankra i folkemusikk og dei gjekk heilt bort frå blues. På opningssporet, «With You There to Help Me» nyttar Anderson den no kjende, lett sørgmodige visesongar stilen sin, med eit heller sardonisk syn på livet og verda. Den akustiske gitaren hans ber melodien med Martin Barre på elektrisk gitar på crescendoane. Dette var grunnlaget for mange av songane på Aqualung og særleg Thick as a Brick, dei to neste albuma til bandet, sjølv om samspelet mellom akustisk og elektrisk gitar var meir effektivt utført på dei albuma. Barre legg tyngde i gitaren på hardrocksongar som «To Cry You a Song» og «Son», og i tillegg til «For Michael Collins, Jeffrey and Me» var dei alle var med på å definere den framtidige stilen til Tull.[8]

Remove ads

Utgjeving

Den britiske og amerikanske utgåva av albumet var forskjellig. Den amerikanske versjonen hadde songen «Teacher» (med fløyte) å side to av albumet og erstatta «Alive and Well and Living In». I Storbritannia vart «Teacher» gjeven ut som B-sida til singelen «Witch's Promise» ,som ikkje var med på albumet, og var utan fløyte.[1]

I 2013 kom samlarutgåva av Benefit ut. Det inneheld bonusspor miksa av Steven Wilson, ei plate med mono- og stereomiksar av sjeldne og tidlegare ikkje-utgjevne songar og singlar, og ein lyd-DVD med ein kringlydmiks av originalalbumet. Det kom òg med eit hefte med eit essay skriven av Martin Webb, i tillegg til intervju med bandmedlemmar og eit utval fotografi.[9]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Kritikarane var ikkje særleg imponert då Benefit kom ut. Rolling Stone kalla det «teit og dumt».[13] Disc and Music Echo var heller ikkje imponert, men kjende att kvaliteten til bandet: «Dette albumet tar ikkje eit like drastisk sprang frå Stand Up, som dette gjorde frå This Was. Det er meir som det Jethro Tull me har sett og høyrt det siste året. Det verkar å vere eit merkverdig langt album, og syner at det er eit spanande band. Spanande fordi dei kan ha ganske lange gitarsoloar og likevel halde det stramt og samanhengande.».[14] The Village Voice-kritikaren Robert Christgau likte riffa som songane var baserte på, men vart teken bort av teksten, som han meinte var vanskeleg å hugse.[10]

AllMusic og Record Collector har i nyare tid vore langt meir positive til albumet. Bruce Eder skreiv: «Dei fleste songane på Benefit har behagelege, folk-aktige melodiar i lag med noko deprimerte, men blendande komplekse tekstar. Gitaren til Barre har akkurat nok kraft til å halde hardrocklyttarane interesserte. 'To Cry You a Song', 'Son', and 'For Michael Collins, Jeffrey and Me' definerte alle den framtidige stilen til Tull: Forsterkaren til Barre er skrudd opp til ti (særleg på 'Son'), og kjem inn over den akustiske klimpringa til Anderson, eit par uventa tempoendringar, og Anderson syng tekstar fylde med tette, tilsynelatande djupe bilete og meldingar.»[8] Record Collector hylla i 2013 den nye miksen til Steven Wilson og skeiv: «Benefit dannar ei perfekt bru mellom det rullande, ramlande Tull frå dei første åra og dei stramme riffa og stikkande tekstane på Aqualung[11]

Remove ads

Innhald

Britisk utgåve frå 1970

Alle spor skrivne av Ian Anderson

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Amerikansk utgåve frå 1970

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Samlarutgåva frå 2013

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Jethro Tull
Andre medverkande
Produksjon
  • Robin Black – lydteknikar
  • Terry Ellis – design, leiande produsent
  • Ruan O'Lochlainn – design, fotografi
Remove ads

Salslister

Benefit var den første plata til Jethro Tull som selde ein million.[1]

Meir informasjon År, Liste ...
Remove ads

Salstrofé

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1970 Gull (+ 500,000)[25]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads